2021: Geriljagjeng i Sykkylven slo til igjen

Lokallag i Sykkylven Venstre valde å ordne opp på eiga initiativ

Forfallet av den tidlegare gågate-installasjonen som kommunen lagra ved Kaitrappa i Sykkylven har blitt ivrig diskutert i sosiale medium. Vi i Sykkylven Venstre likte svært lite at installasjonen vart rydda før det hadde gått eit år og dumpa ved Kaitrappa. Vi valde å ordne opp, med eigne midlar.

Utan å hente inn løyve i frå kommunen samla vi ein gjeng på kort varsel ein måndagskveld der vi med “eigen” kranbil og Venstre-musklar reorganiserte installasjonen ved Kaitrappa, planta blomstar i kassene og stelte til ein fin møteplass for lokalbefolkninga og andre. Sykkylven Venstre har vore sterkt engasjerte i gågate-prosjektet, og synest det var trist å sjå installasjonen stå der til forfall. Vi bestemte oss for å handle, utan å ha bedd om løyve, noko som teknisk sjef i kommunen ikkje syntes var så greit då han fyrst fekk nyss om det, men han lot oss kome “uskadd” ut av situasjonen etter ein litt hissig diskusjon med og gode argument frå Leif Kjetil og Kjartan – nokre gangar er det lettare å be om tilgjeving enn tillating!