Fylkestingslista for Møre og Romsdal Venstre er klar

Topp 3 til fylkestingslista for Møre og Romsdal Venstre. F.v. Tredjekandidat Frank Stenløs frå Molde, førstekandidat Pål Farstad frå Kristiansund og andrekandidat Lena Landsverk Sande frå Vanylven. , Foto: Møre og Romsdal Venstre/Annika Brandal

Lena Landsverk Sande frå Vanylven er klar som andrekandidat til fylkestingslista! Pål Farstad frå Kristiansund blei valt til førstekandidat og Frank Stenløs, Molde til tredjekandidat. Alle tre blei valt ved akklamasjon.

Tre kandidatar frå Søre Sunnmøre blant topp 8 på lista til Møre og Romsdal Venstre. Frå venstre; underteikna på femteplass, Are Folkestad (Ørsta) på 8. plass og Lena Marie Landsverk Sande (Vanylven) på 2. plass.

Nominasjonsmøtet stemte inn i alt 45 kandidatar på den endelege lista. Den har god kjønnsfordeling og spreiing i alder og geografi. Sjå heile lista nedst.

Tre politiske uttalar om høvesvis utdanning, helse og næring blei vedtatt. Alle tre gir politikk som syner veg mot framtida. Dei tre uttalane er vedlagt og har titlane:

  • 16 år og rett til arbeid
  • Bedre samhandling innen helse
  • Regjeringa sitt grunnrenteforslag er distrikts- og næringslivsfientlig

Klipp fra uttalane:

16 år og rett til arbeid
Kvifor kan ikkje elevar får prøve seg i arbeidslivet tidlegare? Det er på tide å gje elevane eit reelt val etter grunnskulen. Skule eller jobb? I dag er det eit tydeleg krav at alle skal gå rett over i vidaregåande, sjølv om mange ungdomar kanskje får det betre ved å gå direkte ut i arbeid. Vi ber difor om at ein ser på løysingar i tett samarbeid med næringslivet, og gir elevtilskot tilsvarande det ein i dag har i lærlingtilskot.
Heile uttalen: 16 år og rett i arbeid

Bedre samhandling innen helse
Bedre samhandling mellom ulike tjenestenivå, fag og sektorer er avgjørende for å utvikle bærekraftige helse- og velferdstjenester for fremtiden. Dette har vært et prioritert område på nasjonalt nivå, men vi er ikke i mål. Vi må fortsette med politisk trykk for å sikre at tjenester både innen somatisk og psykisk helse gir pasienten behandling som oppleves sømløs mellom tjenestenivåene.
Heile uttalen: Bedre samhandling innen helse

Regjeringa sitt grunnrenteforslag er distrikts- og næringslivsfientlig
Støre og Vedum legg opp til å flytte store pengesummar frå vertskommunane på kysten til staten sin «pengebinge». Venstre meiner dette er ei uakseptabel omfordeling, på bekostning av dei lokalsamfunna som sikrar ei enorm verdiskaping. Møre og Romsdal Venstre vil ha lokale arbeidsplassar. Vi ynskjer eit berekraftig, aktivt og variert næringsliv, og vil spele på lag med alle som vil vere med på å bygge heile landet.
Heile uttalen: Regjeringa sitt grunnrenteforslag er distrikts- og næringsfiendtleg

Møre og Romsdal Venstre – liste til fylkestingsvalet 2023

Lista som pdf: Fylkestingsvalet 2023, Møre og Romsdal Venstre

  1. Pål Farstad 1959 Kristiansund
  2. Lena Landsverk 1969 Vanylven
  3. Frank Petter Stenløs  1972   Molde
  4. Kari Grindvik 1961    Ålesund
  5. Annika Brandal 1981    Hareid
  6. Geir Morten Karlsen 1967    Averøy
  7. Karina Brunstad Fet             1995    Sykkylven
  8. Are Folkestad 1976    Ørsta
  9. Håvard Urkedal 1992    Ålesund
  10. Ulla Hay 1973    Sula
  11. Atle Hammerbukt             1961    Hustadvika
  12. Jon Jarlson Grimstad             1969    Ålesund
  13. Hugo Tingvoll 1965    Molde
  14. Tone Bjørshol 1971    Averøy
  15. Ole-Markus Simonsen 1995    Ålesund
  16. Gunnar Magne Knutsen 1956    Ørsta
  17. Niklas Sevland             1999    Molde
  18. Carola Herrmann 1982    Sykkylven
  19. Borghild Drejer 1959    Hustadvika
  20. Lèa Fabri 1999    Smøla
  21. Johann Roppen 1967    Volda
  22. Berit Lyngstad             1972    Ulstein
  23. Tord Nygård 1971    Kristiansund
  24. Kjartan Grebstad 1970    Sykkylven
  25. Arild Sætran 1966    Smøla
  26. Ingebjørg Eide 1961    Hustadvika
  27. Brynhild Lund Notøy 1945    Volda
  28. Nadarajah Gunapalan 1958    Ålesund
  29. Joakim Eiksund 1968    Herøy
  30. Steinar Husby 1985    Sunndal
  31. Arnstein Sæthre 1961    Ålesund
  32. Kjell Johan Vatne 1950    Molde
  33. Rolv Stavset 1953    Ålesund
  34. Rita Rognskog             1962    Aukra
  35. Gunn Fagerlie Johannessen 1949    Smøla
  36. Erik Vullum                         1950    Aure
  37. Hege Anett Nygård Seljeset 2004    Volda
  38. Jack Blindheim 1968    Ålesund
  39. Asgeir Bahre Hansen 1969    Kristiansund
  40. Stine Liaset 1985    Ørsta
  41. Jenny Helen Korsnes 1979    Hareid
  42. Tor Wilhelm Havåg 1962    Ulstein
  43. Eilin Reinaas 1969    Herøy
  44. Hans Endre Sæterøy 1965    Ålesund
  45. Ragnhild Helseth 1958    Kristiansund