Bjørlo tar opp Mork-nedlegginga med helseministeren

Foto: Pixabay

-Kva er statsråden sin plan for å sikre at antallet spesialiserte rehabiliteringsplassar i Helse Møre og Romsdal ikkje blir redusert, og korleis vil statsråden sikre at spesialkompetansen blir bevart innan rehabiliteringsfeltet? Det spørsmålet har stortingsrepresentant Alfred Bjørlo stilt helseministeren 23.1.23

-Framlegget om nedlegging av Mork Rehabiliteringssenter framstår som særs uheldig og lite framtidsretta. Vi vil trenge fleire gode fagmiljø på rehabilitering over heile landet, ikkje færre, skriv han i si grunngiving til spørsmålet. Helseministeren har ei veke på seg til å svare.

Helse Møre og Romsdal skal ha styremøte 01.02.23 der forslag om å legge ned Mork og flytte 10 av plassane til Ålesund sjukehus.

 

Pressemelding 23.01.23 frå Alfred Bjørlo (V):

– Tar opp Mork-nedlegginga med Helseministeren

 – Framlegget om nedlegging av Mork Rehabiliteringssenter framstår som særs uheldig og lite framtidsretta. Trongen for rehabilitering vil berre auke i åra framover. Vi vil trenge fleire gode fagmiljø på rehabilitering over heile landet, ikkje færre, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V), som er Venstre sin nye helsepolitiske talsperson.

 

Alfred Bjørlo har no stilt følgjande spørsmål til Helseministeren, som ho må svare på innan 8 dagar:

Kva er statsråden sin plan for å sikre at antallet spesialiserte rehabiliteringsplassar i Helse Møre og Romsdal ikkje blir redusert, og korleis vil statsråden sikre at spesialkompetansen blir bevart innan rehabiliteringsfeltet?

 

– Rehabiliteringa Mork tilbyr, krev ein kompetanse som det ikkje er mulig for kommunene å erstatte. I tillegg vil truleg fleirtalet av dei tilsette ikkje bli verande i jobbar i helseforetaket etter nedlegginga, slik at verdifull kompetanse går tapt, seier Alfred Bjørlo.

– Eg merkar meg at sjølv om nokre av plassane ved Mork blir foreslått flytta til Ålesund, er det for mange av rehabiliteringsplassane som no er foreslått lagt ned dårlege alternative løysingar, eller dei blir lagt ned i si heilheit. Venstre reagerer også på kor lite dei berørte kommunane tilsynelatande har blitt involvert i prosessen, og dei tilsette sine uttaler om at avgjerda har gått «over hovudet» på dei.

– Dette er det motsatte av det eg høyrer Ap-statsråd Kjerkhol snakke om i nasjonale samanhengar. Sist i Sykehustalen der viktigheita av pasientar og pårørande si moglegheit for medverknad blei understreka, samt at det er nødvendig å samarbeide godt med kommunane.

Alfred Bjørlo

Stortingsrepresentant

Venstre – Sogn og Fjordane valdistrikt