Stor optimisme i Ørsta Venstre framfor kommunevalet 2023

Foto: Celina Christoffersen
Ørsta Venstre er stolte av å kunne presentere ordførarkandidaten vår, Are Folkestad. I tida framover skal de få bli kjent med ein som har bein i nasa, ungdommeleg, engasjert i Ørsta og folket. Are står ikkje ålene, han har heile Ørsta Venstre bak seg som skal lyfte opp både Venstre og Are i tida framover.

Det var med pågangsmot og stor optimisme medlemmene av Ørsta Venstre var samla til nominasjonsmøte og årsmøte på Ørsta Rådhus onsdag 15. februar 2023.

NOMINASJON
Nominasjonsarbeidet i Ørsta Venstre starta i november/desember 2022, og nominasjonsnemnda kunne på møtet legge fram ei god liste med personar med stor variasjon i alder og yrke.

Nominasjonsmøtet vedtok å kumulere dei 4 første på lista. Desse er: Are Folkestad, Stine Liaset, Bent Nakken Kjerstad og Erling Taftesund.

Are Folkestad vert då Ørsta Venstre sin ordførarkandidat. Han er oppvaksen i Eiksund, og har budd siste 14 åra på Vallabøen i Ørsta. Han har bakgrunn som forskar innanfor havmiljø og har dei siste ti åra jobba i privat næringsliv med digitalisering og berekraft i maritim sektor. Are Folkestad har vore Ørsta Venstre sin representant i Levekårsutvalet i inneverande valperiode og har markert seg som ein dyktig og målretta politikar der skulesaker har vore prioritert arbeid.

-For å ta Ørsta kommune vidare framover blir det viktig å sikre gode tenester innafor helse og oppvekst, legge til rette for nyskaping og utvikling av både sentrum og bygdene. Samtidig må vi gjere dette på ein måte som tar vare på naturen og lokalmiljøet. Eg har stor tru på at vi skal få til dette, seier Are Folkestad. – Nøkkelen til dette er samarbeid og at vi alle dreg i same retning. Dette gjeld både mellom politisk og administrativ leiing og mellom kommuneleiing og innbyggjarane.

To saker som var spesielt diskuterte på årsmøtet og som Ørsta Venstre vil prioritere å jobbe med vidare er nasjonalpark i Sunnmørsalpane og utanforskap i skulen.

Resten av kandidatlista til kommunevalet vert offentleggjort seinare, men vi kan love mange kjende, engasjerte venstrefolk på dei neste plassane. Vi kan love kandidatar med erfaring frå yrkesliv, politikk og/eller organisasjonsliv.

Desse kler dei øverste plassane på Ørsta Venstre si liste til valet 2023. Frå venstre (sjølvsagt) Erling Taftesund (4. plass), Stine Liaset (2, plass), Are Folkestad (1. plass) og Bent Kjerstad Nakken (3. plass).