Reelle eller imaginære fylkesvegsferjer?

“Kva trur Kommunal- og distriktsministeren er viktigast for folk og næringsliv i Møre og Romsdal og andre kystfylke: Reelle fylkesvegferjer, som ein må betale billett for men som går i rutetrafikk – eller imaginære fylkesvegferjer som i prinsippet er gratis, men ligg til kai i staden for å frakte folk og bilar over fjorden?”

Alfred Bjørlo (V) har stilt spørsmål til kommunal- og distriktsministeren om fergene.

Det er Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo som har stilt skrifteg spørsmål til kommunal- og distriksminister Sigbjørn Gjelsvik 2.mars.

Bjørlo begrunner spørsmålet slik:
“Møre og Romsdal fylkeskommune varslar no massive kutt i ferjetilbodet på dei aller fleste fylkesvegferjestrekningane, som følgjer av dårlegare fylkesøkonomi. Fylket seier sjølv at kutta er dramatiske, og vil gå ut over både næringsliv, jobbpendlarar og born og unge i distrikta sine høve til å delta i fritidsaktivitetar på line med andre.

Kuttet som no i fyrste omgang blir varsla i Møre og Romsdal er 200 millionar kroner, som er nøyaktig same sum som Kommunalministereren no vil bruke ekstraordinært på å splitte opp Ålesund og gjenopprette ei gammal kommune.

Samtidig har Støre-regjeringa brukt store beløp på å gjere ferjestrekningane det no blir kutta i ruter på, gratis. Det var då sagt at dette skulle vere ei reell styrking av økonomien til fylka for å tilby både gode og gratis ferjetilbod. No ser vi at dette ikkje er tilfelle: Ferjene har blitt gratis – men dei vil samtidig gå sjeldnare enn før. Etter underteikna og Venstre sitt syn er dette totalt feil prioritering.

Alfred Bjørlo – stortingsrepresentant for Venstre.

Det viktigaste må etter underteikna og Venstre sitt syn vere at ferjene går – og at det er gode rutetilbod i distrikta i størst mogleg del av døgnet. Om ein har råd til å gjere dei gratis i tillegg er sjølvsagt det kjekt – men det framstår som dårleg distriktspolitikk å la folk og næringsliv på kysten få færre ferjeruter, sjølv om desse hadde vore aldri så billige å reise med dersom dei enno hadde gått.

Eg vonar difor at Kommunal- og distriktsministeren opnar for at Møre og Romsdal og andre kystfylke kan flytte pengar frå å gjere ferjene gratis til å halde oppe dei rutene som er nødvendige for eit godt kvardagsliv og blømande næringsliv i distrikta.”

Gjelsvik har no to veker på seg å svare Bjørlo.

Bli medlem av Haram Venstre! (Klikk her)