Uttalelse: Krafttak mot fattigdom

Foto: Stock

Under helgens fylkesårsmøte vedtok Rogaland Venstre søndag 12.mars en uttalelse om krafttak mot fattigdom.

Noreg er i dag i dyrtid. Gamle tiltak og ordningar som har vore meint for å hjelpa dei som slit rekk ikkje lenger til. Meir enn 200.000 husstandar oppgjev at dei no enten må stilla seg i matkø eller sløyfa måltider dersom dei skal få kvardangen til å gå rundt. Ein av fire nordmenn seier at dei i dag må be familie eller venar om hjelp dersom dei skal klara seg.

For mange møter i dag eit komplisert og rigid system der det å få hjelp vert nesten like vanskeleg som problemet som ein ynskjer hjelp for. No treng me eit krafttiltak for å kunna bøta på den akutte situasjonen som folk opplever. Dette må blant anna bety ein drastisk auke og skattlegging av barnetrygda. På denne måten kan me gje familier med låg inntekt langt meir for dei same pengane.

Rogaland Venstre vil prioritera dei som treng det mest i den vanskelege tida me står i. Difor vil me auke den økonomiske sosialhjelpa, barnetillegget for uføre, og at barnetrygda ikkje går inn i avrekningsgrunnlaget for sosialhjelp. Studiestøtta bør òg aukast. I eit liberalt samfunn skal me tavare på kvarande, og syta for at ingen fell utanfor.

Dyrtida betyr ogso av vanlege folk bør få sitte igjen med meir av sine eigne pengar. Prisauken på alt frå straum til mat er noko som merkast. Svaret på dette må vera å senka skattetrykket for dei med låge og middels høge inntekter.

Rogaland Venstre vil:

  • Auke og skattleggje barnetrygda
  • Auke frådraga på inntektsskatten for dei med låge og middels høge inntekter
  • Auke den økonomiske sosialhjelpen slik at det er eit reelt tryggleiksnett for vanskelegstilte
  • Auke studiestønade til 1,5 G
  • Auke barnetillegget for uføre, og syta for at ingen kommunar kan avkorte sosialhjelpen frå familier som mottar barnetrygd
  • Prøve ut ordningar med borgarløn
  • Syta for at det er gunstig å arbeida sjølv om ein ikkje har høve til å arbeide fulltid, ved å blant anna auke moglegheita for gradert uføretrygd
  • Få på plass eit nasjonalt fritidskort