Lat ferjene gå!

Foto: Volda Venstre, Volda Venstre

Det er heilt urimeleg å gjennomføre drastiske kutt i ferjetilbodet på fylkesvegstrekningane slik administrasjonen i Møre og Romsdal fylke har gjort framlegg om. Dette meiner Volda Venstre i ein årsmøte-resolusjon.

Før stortingsvalet i 2021 mangla det ikkje på gullkanta lovnader både om rimelegare ferjebillettar og gratisferjer. Men kva hjelper det med lågare takstar og gratisreiser når avgangane vert færre og rutetilbodet vert langt dårlegare.

Framlegget vil mellom anna råke ferjesambandet Volda-Lauvstad med alvorleg negative konsekvensar både for innbyggarane på Vestsida og i Vanylven – og det lokale næringslivet. Slikt er elendig distriktspolitikk.

Her må regjeringa stå ved lovnadene og løyve naudsynte midlar slik at fylkeskommunane får økonomisk armslag til ei framtidig god og tenleg drifting av ferjetilbodet. Noko anna vil vere eit politisk narrespel.

Lat ferjene gå!