Nynorskelevar må sikrast gode digitale verktøy

Volda Venstre

Den digitale skulekvardagen fyller klasseromma til nynorskelevane med læremiddel, læringsressursar og digitale verktøy på bokmål. Den nye opplæringslova må sikre at nynorskelevar får skulekvardagen sin på nynorsk.

Det meinar Volda Venstre i ein årsmøteresolusjon der lokallaget er uroa over at den nye opplæringslova skil mellom læremiddel og læringsressursar. Det sikrar ikkje at dei verktøya som vert nytta i klasserommet kjem på nynorsk.

Volda Venstre hadde vona at retten til digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk skulle likestillast og sikrast. Men når den nye opplæringslova skil mellom læremiddel og læringsressursar, hjelper det lite å lovfeste krav til nokre få store læremiddel når det ikkje er krav til nynorske appar og andre plattformer og verktøy som vert nytta i skulen. Faren er at produsentane vil utnytte dette, og nok ein gong vert nynorskelevane nedprioriterte og skadelidande.

Volda Venstre meiner difor at ei ny opplæringslov må ha ein læremiddeldefinisjon som inkluderer alle digitale læringsressursar. Skriveprogram som vert brukte i skulen må kunne både nynorsk og bokmål.