Venstre vil få Akropolisvisjonen realisert

Foto: Venstre

For Venstre vil det å få realisert Akropolisvisjonen vera høgt prioritert framover. Venstre vil vere tydelige på at det nå endeleg må vera Rogaland Teater og Stavanger Museum sin tur. Akropolisvisjonen er viktig for kulturlivet i heile Rogaland.

I dag var sak «PS 34/2023: Akropolisvisjonen – konseptvalg og videre arbeid med nytt teater og museumsbygg i Stavanger» oppe i fylkestinget. Unni Fuglestad var tydeleg i sitt innlegg.

For Venstre vil det å få realisert Akropolisvisjonen vera høgt prioritert framover. Det er viktig at me i vedtaket peiker på skeivheten i fordelinga av statlige midler, men me må også sjå kva me kan gjere for få betre gjennomslag nasjonalt.

«Fylkesordførar og kjære kolleger her i fylkestinget: Kva er det me i Rogaland gjer feil, eller ikkje gjer som me burde gjort, sidan me ikkje klarer å hente heim like store statlige tilskot til kulturbygg som andre fylke klarer? Er det at me ikkje er samla nok, tydelige nok, eller litt rogalandsk beskjedne og stiller oss høflig opp i køen og tenker at det må jo vere rettferdig og organisert, men så var det den som ropte høgast som nådde fram?» opna Fuglestad innlegget sitt med.

«Me i Venstre er sjølvsagt også einige i at kostnadsbevissthet og strenge vurderingar er nødvendige i eit så stort byggeprosjekt, men samtidig er det jo ikkje så overraskande at kvalitet kostar. Veier og tunellar kostar. Skulane våre kostar. Så at eit teater og museum me skal ha glede av i mange, mange år også kostar burde ikkje som eit sjokk. Venstre vil vere tydelige på at det nå endeleg må vera Rogaland Teater og Stavanger Museum sin tur. Det kjem til å koste, men me må få realisert utbygginga på Kannikhøyda.» sa Fuglestad.

Videre fortsatte Fuglestad «Det å investere også i kultur har ein enormt stor betydning for alle som bur i denne regionen, og dei me ønsker å lokka til å flytte hit. For kunst og kulturopplevelser handler om identitet og tilhørighet, om livet og felleskap.»

«Når eg ser på dei eksisterande Eckhoff-bygga som ligg der i dag: teateret, museet og fylkeshuset, så er det litt utruleg kva ein klarte å få til i løpet 1880-og 90-talet. Veit ikkje heilt korleis finansieringsplanane såg ut på slutten av 1800-talet, men eg trur nok ikkje det var snakk om den type driftsresultat, disposisjonsfond og finansielle måltal som me har behandla her tidligare i dag. Men dei fekk det til. Fordi det var vilje. Og den viljen vil me i Venstre finna fram igjen for å få realisert Akropolisvisjonen. Og me snakkar om ei investering som skal bli brukt i fleire generasjonar framover, og bli brukt av mange hundre tusen menneske i året. I år etter år etter år. Det er ein verdi Venstre ønsker å investere i.» avsluttet Fuglestad.