Ap, Sp og Høgre sviktar nynorsken

– Når lovverket ikkje utviklar seg i takt med den teknologiske utviklinga, er det i praksis å svekke nynorsken, seier Venstre-mann og nynorskbrukar Alfred Bjørlo.

Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget la fram si innstilling på ny opplæringslov tysdag. Det vart ein nedtur for nynorsken. Fleirtalet går mot alle Venstre sine framlegg for å styrke nynorsken.

Stortingspolitikarane frå Ap, Sp og Høgre har svikta nynorsken. Dei bør orsake til alle nynorsk-vener landet rundt, seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane.

Politikken Ap/Sp-regjeringa fører, med heilhjarta støtte frå Høgre, er eit direkte trugsmål mot nynorsken si framtid. Når 121 ordførarar, dei aller fleste frå Ap, Sp og Høgre, har skrive under eit opprop om å styrke nynorsken sin posisjon i skulen, burde det vere sjølvsagt å kome dei i møte. Det har Venstre gjort, men ikkje Ap, Sp og Høgre. Eg og Venstre forstår godt at målrørsla er skuffa og sinte i dag, seier Alfred Bjørlo.

Venstre meiner at det må vere ei sjølvfølge at nynorskelevar, på lik line med andre elevar, skal møte språket sitt i alle læringsressursar laga for skulen. Det er avgjerande for å sikre ei god opplæring for elevane, og for å sikre nynorsken si framtid.

Når lovverket ikkje utviklar seg i takt med den teknologiske utviklinga, er det i praksis å svekke nynorsken, seier Venstre-mann og nynorskbrukar Alfred Bjørlo.

Følgjande framlegg frå Venstre, SV og Raudt fekk ikkje støtte i utdanningskomiteen frå Ap, Sp, Høgre og Frp:

  • Framlegg om at læringsressursar utvikla til bruk i opplæringa (typisk appar o.l. som dekker deler av læreplanen, men ikkje heile) skal ligge føre til same tid på bokmål og nynorsk og til same pris.
  • Framlegg om å sikre alle innbyggjarar røysterett i lokale folkeavrøystingar om skriftspråk i skulen.
  • Framlegg om at elevane på 1.-7. trinn skal ha lærebøker på det skriftspråket som er hovudmål på sin skule.
  • Framlegg om at elevane og lærarane sjølv skal velje hovudmål på vidaregåande, og at vidaregåande skular ikkje har eit vedtatt hovudmål.

Framlegga har støtte hjå Norges Mållag.

Alfred Bjørlo (V) er skuffa over at ingen av forslaga fekk fleirtal.

Eg vil innstendig oppmode Ap, Sp og Høgre til å gå ein ny runde fram til Stortinget skal røyste over framlegga neste veke. Venstre si nynorsk-dør er open – det er inga skam å snu!