Ikkje utset oppstart av Fv. 60!

Pål Farstad 1. kandidat for Venstre til fylkestingsvalet, Volda Venstre

Venstre vil ha oppstart snarast på strekninga mellom Grodås og Hellesylt etter allereie vedteken trase.

Det skriv Brynhild Lund Notøy, 1. kandidat for Volda Venstre, og Pål Fartstad, 1. kandidat for Venstre til fylkestingsvalet. Dei to kandidatane meiner at vi har venta lenge nok no. Fleire alternativ for Fv. 60 har vore greidd ut tidlegare.

På fylkesvegkonferansen på Stranda i april vart det skissert fleire og nye trase-alternativ på strekninga Grodås-Hellesylt – trass i at grundige og gode prosessar er lagt til grunn for det trasevalet Hornindal og Stranda kommunar allereie har gjort. Dette trasevalet har også vore grunnlaget for arbeidet som er gjort så langt. Alternativet følgjer ei lang strekning av eksisterande veg. Det er lite busetnad langs denne traseen, men den må sikrast mot beitande dyr. Når vegen kjem forbi Taraldset, kryssar den dalen og kjem inn på eksisterande Fv. 60 ved Raftevold. Det vert ikkje store utfordringar i byggeperioden sett i høve til om ein skal nytte ekssterande trase. Noverande Fv. 60 ligg tett opp til dei fleste gardstuna inn over dalen. Det vil skape utfordringar i byggeperioden.

Venstre går inn for at vegen skal ha 80 km/t-fartsgrense. Det er mykje tungtrafikk på strekninga, og i sommarhalvåret mykje busstrafikk. Sidan busetnaden ligg så nær opp til vegen, vil den store trafikken skape mange farlege situasjonar. Det vert mange avkøyrsler til gardane innover dalen – noko som er kostbart. Den einaste måten å gjere det trygt for mjuke trafikantar er å byggje gang og sykkelveg. På dei plassane der gardstuna ligg på begge sider av vegen, kan det verte vanskeleg.

Ved å nytte vedteken linje blir noko dyrka mark og noko beiteområde råka. Men skal ein få gulstripe og gang/sykkelveg, kjem ein ikkje unna. Venstre er opptatt av å hindre eller minimere naturinngrep – og at matjord og beiteland blir skjerma også ved vegutbyggingar. Men sett opp mot mellom anna trafikktryggleik, ser vi ikkje at skilnaden vert så stor at det vil vere avgjerande for linevalet.

Skal ny trase veljast, må det ny planlegging og handsaming til. Vi treng ikkje nye utgreingar og forseinkingar. Venstre meiner difor at ein må nytte den vedtekne traseen og at vidare arbeid må forserast.

Brynhild Lund Notøy – 1. kandidat Volda Venstre

Pål Farstad – 1. kandidat Møre og Romsdal Venstre