Ja til Nasjonalpark i Sunnmørsalpane

På Mosetra: Bent Nakken Kjerstad (3.kand. Ørsta), Erling Taftesund (4. kand. Ørsta), Are Folkestad (ordførarkand. Ørsta), Ola Elvestuen (stortingsrepr), Pål Farstad (1. kand. M&R VEnstre), Gunnar Knutsen (kommunestyrerepr. Ørsta). , Foto: Annika Brandal

Ørsta Venstre hadde si valkampopning sist søndag, og inviterte til friluftsmøte med stortingsrepresentant og tidlegare klima- og miljøminister Ola Elvestuen. For Elvestuen var det første gang han besøkte området, som partikollega Sveinung Rotevatn lanserte som område for muleg nasjonalpark, då han var klima- og miljøminister. Og Elvestuen var imponert over den mektige og flotte naturen.

Ørsta Venstre sin ordførarkandidat, Are Folkestad, orienterte kort om bakgrunnen for friluftsmøtet, og om Ørsta Venstre sitt valprogram for komande kommunestyreperiode. Der seier Ørsta Venstre klart ja til nasjonalpark i Sunnmørsalpane. Ola Elvestuen fulgde opp med ein appell om viktigheita av å ta vare på vår felles natur, og dette unike området, som ikkje berre har lokal verdi, men nasjonal verdi. Også Møre og Romsdal Venstre og lokallag frå omkringliggande kommuner var til stades, og er tydelege på at vern av natur og nasjonalpark i Sunnmørsalpane er noko alle støtter opp om.

Etter friluftsmøtet var fleire med på StikkUt-tur til Høgeheida. Denne turen ligg innanfor området som er foreslått som nasjonalpark.