Venstre foreslår å løyve 3,4 mill NOK ekstra til Red Cross Nordic United World College i Fjaler i Revidert Nasjonalbudsjett

Marte Haugsbakk ordførarkandidat i Fjaler og Alfred Bjørlo
Foto: Helle Frogner

Ordførarkandidat i Fjaler Marte Haugsbakk og Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo

United World College er i ein svært pressa økonomisk situasjon, etter at støtta til skulen først er reelt redusert av den norske regjeringa i 2023, og skulen deretter har fått kutta 7 mill NOK i tilskot frå den svenske regjeringa.

– Eg og Venstre er sterkt kritiske til at regjeringa ikkje har gjort meir for å hjelpe UWC i Fjaler i den krevjande situasjonen skulen no står i. Eg registrerer at regjeringa kjem med krisehjelp til skular i ein kritisk situasjon i Oslo, men vi ser gong etter gong at det er for langt frå Oslo til Vestlandet for dagens regjering. UWC er eit skuletilbod av uvurderleg verdi både for elevar verda over og for Vestlandet. Venstre meiner det er heilt nødvendig å auke den norske støtta til UWC allereie no. Eg vil sterkt oppmode Ap, Sp og deira støtteparti SV til å vere med oss å finne løysingar som sikrar økonomien og framtida til United World College i Fjaler, seier Alfred Bjørlo.