Politisk program
2023 – 2027
Vaksdal Venstre
Her finn du Vaksdal Venstres politiske program. Dette er valprogrammet vårt og politikken me i Vaksdal Venstre går til val på og vil jobbe for i Vaksdal kommune i perioden 2023 – 2027.
Vår viktigaste sak er ikkje noko enkeltsak som for eksempel eigendomskatt eller detaljhandel på Dalegarden. Vår viktigaste sak er langsiktighet i økonomistyringen, slik at dei tilbudena me har innan skule, helse og eldreomsorg er bedre i 2050 enn i dag, uavhengig om me får folketalsvekst eller ikkje.
- La lærara ve lærara.
- Ein friare alderdom.
- Langsiktig og ansvarlig økonomistryring.
Helse og omsorg
- Me vil jobba for å auke jordmorstillinga i kommunen
- Me vil ta i bruk omsorgsteknologi slik at eldre kan bu heima lenger, og at kvardagen for dei tilsette vert enklare og syte for at det er tilpassa brukarane
- Jobbe for at alle som får utført tenester heime, skal få eit fast antal personar å forhalde seg til når dei treng det
- Ha eit mangfald av buformer – mellom anna omsorgsbustader og bufellesskap – slik at ein kan få ein bustad som er tilpassa etter kor godt ein klarer seg sjølv.
- Opne opp for private tilbydarar av BPA-tenester
- Ta i bruk velferdsteknologi, innovasjon og nye løysingar for å leggje til rette for at fleire kan bu heime lenger og meistre sin eigen kvardag, samtidig som ein tek omsyn til eldre utan digital kompetanse
- Me vil samlokalisera sjukeheimane i kommunen på Vaksdal for å få bedre fagmiljø. Dette vil også gjera da tryggare for både ansatte og pasienta.
Oppvekst
- Me vil behalda skulestrukturen
- Elevene møter et lag av lærere, miljøarbeidere, helsesykepleiere og andre de kan stole på
- Me vil ha mobilfri skule
- Me vil ha miljøterapeutar/vernepleiarar i skulen
- Ha forsøksprosjekt med ein time fysisk aktivitet kvar dag i skulen
Næringsutvikling
- Me vil opne for detaljhandel på Dalegarden
- Me vil dele opp anbod i mindre kontrakter slik at mindre lokale aktørar kan delta
Bustadutvikling
- Ha byggeklare tomter i alle stasjonsbygder
- Jobbe for vidare utbygging av Tettaneset, så lenge det er etterspørsel
- Jobbe for utbygging av boligar tilpassa eldre, som gjer at eldre kan bu der lengre, samtidig som det frigjer eineboligar til familiar i etableringsfasen
- Me vil senka eigendomsskatten hvis kommuneøkonomien tillet da. Uansett må inntektstapet frå eigendomsskatten finansierast av innsparingar i drift, ikkje uforusette overskudd frå kraft og aksjer
- Regulere for leiligheter ved gamle barnehagen på Vaksdal
Dyrevelferd:
- Me ynskjer å betre dyrevelferden i Vaksdal, gjennom å utarbeide eigen dyrevelferdsplan og jobbe for at dyrelivet skal ha gode og samanhengande areal.