Bygg ut Eidet nå!

Tidlige reguleringsplaner for Eidet. (Tegning: Kyrkeskaret AS), Kyrkeskaret AS

Haram er i vekst, og det skal leggjast til rette for fortetting og nye bustader i alle delar av kommunen. Først i køen for nysatsing og utbygging er Eidet, som vi i Venstre meiner bør bli områdesenter for Nordre Sunnmøre.

Nye bustadområde må først og fremst etablerast gjennom punktvis fortetting, slik at ein kan byggje gode nærmiljø med mindre transportbehov. Nedbygginga av dagens grøne- og matjordareal må stoppast, og fellesareal og strandsona må i størst mogleg grad vere tilgjengeleg for allmennheita.

Eidet – eit naturleg knutepunkts- og områdesenter
I planen for areal, klima og transport i Ålesundsregionen (PAKT) er Eidet utpeikt som eit naturleg knutepunkts- og områdesenter på grunn av tenestetilbodet som er i ferd med å etablerast der og den sterke folketalsveksten. Eit slikt områdesenter er i PAKT tenkt å bli utvikla til å bli eit større senter for bydelen eller kommunen det høyrer til. Planen understrekar at desse områdesentra bør utviklast med bustader og eit tilbod av handel og tenester for sitt omland, ikkje berre for seg sjølve.

2000 nye innbyggjarar innan 2032
Venstre ønsker å satse på Eidet som områdesenter fordi Vatne/Tennfjord oppfyller alle delmåla som er knytt til FNs berekraftsmål: klimavennleg utbyggingsmønster og transportsystem, eit attraktivt lokalsenter, berekraftig og effektiv mobilitet, berekraftig forvaltning av grøne område og samarbeid for å nå berekraftsmåla på tvers av kommunegrenser.

Eidet har ein unik moglegheit for utvikling, ulikt nokon annan stad på Nordre Sunnmøre. Det må Haram kommune utnytte – det vil Haram Venstre jobbe for.

Haram Venstre meiner at 2000 nye innbyggjarar i Haram innan 2032 er eit naturleg mål. Eidet områdesenter vil dra med seg både Vatne, Tennfjord og heile resten av Haram kommune opp og inn i framtidas Haram kommune.

 

Tilbake til forsiden.