Sløydsalar må på plass – ein skule for alle

Sløydsalar må på plass – ein skule for alle
av Arvid Birkeland, 7.-plass på lista til Voss Venstre i Ordet fritt. 25. juli 2023.
Alle skular må ha sløydsalar og lærarar med turvande kompetanse i faget.
For fire år sidan gjennomførte NRK ei spørjeundersøking om sløydfaget til alle grunnskulane i Noreg. Dei fekk svar frå 930 skular. Ti prosent av skulane som svarte hadde ingen sløydsal. Skulane som framleis har sløydsal vart oppmoda til å gje ein utfyllande kommentar til svaret sitt. Mange av dei same tilbakemeldingane syner ein klar tendens. Her er eit lite utval:
«Gamalt og slite utstyr.»
«Mangelfullt øydelagt utstyr.»
«Ein stor del av verktøya er gamle og i dårleg forfatning.»
«Alt utstyr er delvis øydelagt og nærare 30–40 år gamalt.»
Eg har fått melding frå elevar som eg har hatt. Nokre av dei som kanskje hadde «mark i rumpa» og hadde liten tru på det som måtte stå i skulebøkene. Meldingane kjem frå lastebilen, gravemaskina, traktoren med mokeutstyr, eller noko anna stort.
Meldingane kan koma seint på kvelden – dei jobbar overtid må vita. Eg vert så kry og stolt fordi avsendarane er nokre råskinn til å jobba. Gutar og jenter med klare mål i livet, og at dei kjem seg gjennom tiande trinn utan at kontaktlærar må setja dei ned i verken orden eller oppførsel kan vera inne imellom eit lite under.
Ikkje fordi det er mykje bal med dei, men fordi den norske skulen på langt nær høver for alle. Me må by dei det studieløpet som gjer at eleven kjem seg gjennom det.
Tilbake til sløydsalen. Då timen nesten var slutt stilte eg dette spørsmålet.
Kvifor må me pussa på det me lagar? Svara og ordskifte kan oppsummerast slik:
Gjer ein jobben med å fjerna merka ved å pussa, så oppdagar ein at produktet som vert laga, liknar noko ein kan kjøpa i butikken. Slik lærer me at det er viktig å ha merksemd på kvalitet og korleis ein «god finish» ser ut.
Det gjev ei god meistringskjensle, mi erfaring tilseier at det er den mest avgjerande enkeltfaktoren for å kunne lukkast både på skulen og elles i livet.
Halvparten av lærarane som har faget kunst og handverk har ingen formell kompetanse i faget, ifølgje SSB.
Ein annan halvpart, er dei elevane som ein finn i klasserommet skal ikkje på høgskule eller universitet. Ikkje dei fyrste fem–seks åra i alle fall. Ofte er det opp mot 60 prosent av dei som skal jobba seg fram til eit fagbrev på det me kalla «yrkesskulen» i gamle dagar.
Difor vil Voss Venstre arbeida for å få til eit prøveprosjekt med samarbeid med vidaregåande skule slik at dei kan gjennomføra sitt tiande skuleår på verkstaden der med same læringsmål som teoretikarane.
Ein ting er visst, dei kjem til å læra meir då, og det vert lettare å koma seg fram til fagbrevet seinare også fordi at dei ikkje vert så trøytte av skulen som dei elles ville vorte.
Hugs at eit menneskeliv er ikkje meir verdt om ein er flink i realfag, enn om ein er racer med hendene sine. Kanskje treng nokre fleire forsøk for å få det fagbrevet eller det kompetansebeviset, men sjansen for å klara det blir større om me får til ein Vossaskule for alle.