Brynhild Lund Notøy – 1. kandidat for Volda Venstre

Volda Venstre

“Frivillig innsats er ein viktig ressurs for å få til trivsel, kultur, helse og utvikling. Frivillige lag og organisasjonar gjer eit kjempearbeid for å fremje gode lokalsamfunn i kommunen vår. Frivilligheita er sjølve limet i lokalsamfunna våre”.

Brynhild Lund Notøy, 1. kandidat for Venstre i Volda, vil gjerne framtale frivilligheita.

“Lag, organisasjonar, frivilligsentralane og grendalaga er viktige bindeledd mellom kommune og frivillig arbeid. Dei må såleis stå svært fritt til å kunne ta tak i det som er viktig i dei einskilde bygdelaga. Og kommunen og vi som ansvarlege politikarar må vere lydhøyre for planar og ynskje,” meiner Brynhild.

Sjølv om ho har nådd pensjonsalderen, er Brynhild framleis svært aktiv og samfunnsengasjert – både gjennom politisk arbeid og deltaking i ymse lag og organisasjonar i Hornindal.

“Eg brenn for lokalsamfunna våre og kommunen vår. Og skal Volda vere ein god kommune å bu i, må vi ha tenlege og trygge helsetenester. Eg vil ha friske og sunne innbyggarar, og eg vil jobbe for eit eige brukarombod i Volda. Med dei komande demografiske utfordringane, må vi også våge å tenkje nytt og prøve nye måtar å bygge bustader på for eldre og funksjonshemma. Og eit nytt legesenter i Volda meiner eg må vere sentrumsnært”, seier Brynhild.

Brynhild Lund Notøy har lang fartstid i lokalpolitikken. Og ho blei med i Venstre allereie midt på 1960-talet. Ho fortel at det var tre grunnar som avgjorde partivalet: natur- og miljøpolitikk, sosialpolitikk og kulturpolitikk. Ho har vore leiar i Hornindal Venstre og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre. Ho har vore medlem av Hornindal kommunestyre i fleire periodar, og har ved fleire høve møtt i Volda kommunestyre siste perioden som vararepresentant. Ho er også ein engasjert leiar i Volda eldreråd.

“Eg er framleis oppteken av det klassiske naturvernet og miljø/klimapolitikk. Eg trur vi lokalt har ein del å gå på om vi alle tenkjer oss godt om når vi handlar mat, kle og andre forbruksvarer. Vi må ta vare på matrestar for seinare bruk og slite ut kle m.m før det hamnar i restavfallet. Å levere til gjenbruk er også eit godt alternativ”, meiner Brynhild.

Etter gymnastida i Volda utdanna ho seg til sosionom ved Norges kommunal- og sosialhøgskole i Oslo. I sitt yrkesaktive liv har ho vore kurator i Herøy kommune, sosialsjef i Hornindal kommune, kurator ved Nordfjord psykiatrisenter, trygdesjef i Stryn og Hornindal, og rådgjevar i NAV Hornindal.

“Vi må utvikle eit berekraftig jordbruk. Nytte utmarksbeite og grovfor for å minske bruken av kraftfor. Ta mest mogeleg vare på dyrkamark og gi insitament, til dømes redusert moms, for auka produksjon av frukt og grønt”, avsluttar Brynhild Lund Notøy, 1. kandidat for Volda Venstre ved årets kommuneval.