Nøkkelen er å få fleire til å ta kollektivt

Foto: Helle Frogner

Venstre vil få opp talet på kollektivreisande med å gjere tilbodet betre og senke billettprisane. Vi går til val på å senke prisen på periodekort til kr. 499,- for vaksne og kr. 299,- for studentar. Barn og unge under 18. år meiner vi skal reise gratis med kollektivtransport i Vestland.

Bybanen er ryggrada i kollektivtilbodet i Bergen, og det viktigaste enkelttiltaket for å redusere utslepp frå trafikken og sikre god byluft i byen vår. Derfor meiner Venstre det er så viktig at vi får bygget bybanen til Åsane, og deretter videre til Laksevåg og Loddefjord.

Venstre vil betre kollektivtilbodet i heile vestland. Vi skal jobbe for saumlaus korrespondanse mellom buss, bane, ferje og båt. Venstre skal jobbe for å legge til rette for at kollektivtrafikken kan løyse fleire kvardagsproblem gjennom bestillingstransport og meir fleksible skyssløysingar.

Eir godt kollektivtilbod i heile vestland er bra for alle, og venstre skal jobbe for eit betre, billigare og meir klimavenleg tilbod.

Les gjerne heile programmet til Vestland Venstre her: Program

Desse flotte folka stiller til val for Venstre i Vestland: Valliste

Bergen venstre