Ordførarkandidat og vår mann på fylket

Marius Hellan Hindenes, Foto: Helle Frogner

Marius Hellan Hindenes er din Ordførarkandidat og 3. kandidat for Vestland Venstre til fylkestingsvalet

Alver treng nye unge krefter inn, og du må ikkje gløyme viktigheita av fylkestingsvalet.

Alver Venstre med Marius i spissen går til val på å gjere Alver kommune til ein kommune som tar grøne val, samtidig som ein legger til rette for eit breitt og grønt næringsliv. Ein god skule tilpassa kvar enkelt elev og omsorg når du treng det skal vere sjølvsagt for innbyggjarane i Alver.

Alver Venstre skal jobbe for ein open kommune på lag med innbyggjarane.

For Alver og Nordhordland er det utruleg viktig at det er lokale folk på fylkestinget. I dag er det godt representert med folk frå Alver på fylkestinget, men det kan brått endre seg etter valet.

Skal me sikre tilboda og styrke dei to vidaregåande skulane våre på Knarvik og Austrheim, då er det viktig med lokale folk på fylket.

Skal me sikre asfalt på fylkesvegane våre, då må me ha lokale folk på fylket.

Og skal me sikre prioritering av Norhordlandstunnelen, då treng me lokale folk på fylket.

Marius kan bli din lokale mann på fylket.

Så ønsker du ein ung lokal mann frå Alver på fylkestinget, er det viktig at du stemmer Venstre ved fylkestingsvalet.

les meir om Marius

Vestland Venstre

Program Alver: Program

Valliste Alver: Valliste

Program Vestland: Program

Valliste vestland: Valliste