Vidaregåande opplæring med eleven i fokus

3. kandidat Marius Hellan Hindenes og Fylkesordførarkandidat Åsta Årøen, Foto: Helle Frogner

Vestland Venstre ynskjer at flest mogeleg elevar skal få oppfylt sitt førsteval. Venstre er tilhengar av fritt skuleval med reisegaranti. Vi ynskjer også å bevare dagens skulestruktur, og vi synest det er viktig at elevar ikkje skal tvingast over i eit hybeltilvære mot sin vilje. Skulehelsetenesta er viktig, også for elevgrupper som i dag fell utanfor (produksjonsskulane og eldre elevar).

Mange unge ynskjer å ta yrkesfag og fagbrev. Vestland Venstre meiner at lærlingar må fylgjast tett opp, også i fritida, ikkje berre i ordinær arbeidstid. Trivsel etter arbeid er viktig for at unge skal oppleve regionen som attraktiv og læretida som givande. Vestland Venstre ynskjer også å motarbeide at kjønn skal hindre ungdom i å ta frie yrkesval. Nokre ungdommar treng ekstra oppfølging, produksjonsskulane er viktige her.

Ein god utdanningspolitikk gagnar både den enkelte ungdom, samt lokalmiljøet og næringslivet.

Les gjerne heile programmet til vestland venstre her: Program

Desse flotte Folka stiller til val for Venstre i vestland: Valliste