Program 2023

Ordførarkandidat Eldar Knotten saman med Berit Lyngstad (2), Martin H Horn (3), Tor Wilhelm Havåg (4), Britt Opsahl Myrene (5) og partiveteran Eli Skaatun (18)
Foto:Per Eide

Kommuneval 2023 – viktige saker for Ulstein Venstre

Vi i Ulstein Venstre vil:

  • Sørgje for forsvarleg økonomisk styring, med framleis fokus på nedbetaling av gjeld.
  • Sørgje for effektiv og økonomisk forsvarleg drift av kommunal eigedom gjennom ein langsiktig vedlikehaldsplan.
  • Ikkje auke eigedomsskatten og fjerne den når det er økonomisk forsvarleg.
  • Jobbe for fleire statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i Ulstein.
  • Halde på dagens skulestruktur.
  • Arbeide for byggestart av ny barnehage i Hasund krins i 2024.
  • Styrke arbeidet med Ung Arena, ungdomsklubb og førebyggande tiltak retta mot barn og unge.
  • At innbyggarane har tilgong på kunnskap, kompetanse og ulike tiltak som fremjar god folkehelse.
  • At vi har gode tiltak til barn og unge som er i risiko for å utvikle psykososiale problem og til dei som har psykiske helseutfordringar.
  • At du skal kunne bu heime så lenge du vil og kan, og at heimebuande eldre får eit godt dagtilbod.
  • At vi har gode tilbod om avlastning for familiar med heimebuande pleietrengande.
  • At alle skal vere trygge på at ein får god pleie og omsorg når ein treng det.
  • At det er tilstrekkeleg med sjukeheimsplassar for dei mest pleietrengande.
  • Arbeide for ny rundkøyring på Saunes og i Saunesmarka, med god tilkomst for mjuke trafikantar.
  • Arbeide for universell tilkomst til Osnessanden.
  • Arbeide for etablering av ei urnelund og ei namna minnelund.
  • Opprette eit gravferdsfond for å utjamne kostnadane mellom ordinær gravferd (kistegrav) og kremasjon.
  • Halde fram arbeidet med ei arbeidskyrkje i sentrum med realisering innan ein 10-års periode.
  • Gjere Ulstein til ei berekraftig og grønare kommune ved å følgje opp Klimaplan og Tiltaksplan mot plast og marin forsøpling.
  • Rydde opp gamal miljøforureining ved industriområda våre, med statleg finansiering.
  • Bevare sentrumsnære friområde og grøne lunger.
  • Utvikle og vedlikehalde sentrum/bygdenære turstiar, men vere restriktive på utbygging i fri natur.
  • Jobbe for skilting av Nasjonal sykkelveg mellom Hareid og Fosnavåg.
  • Styrkje biblioteket som ein open, inkluderande og tilgjengeleg kulturarena, læringsarena og møteplass for innbyggarar i alle aldersgrupper.
  • Støtte opp under det frivillige arbeidet i lag og organisasjonar og prøve ut nye tiltak for frivillig deltaking.
  • Prøve ut Kulturskule for vaksne.