Politisk program
2023 – 2027

Hustadvika Venstre

Her finner du Hustadvika Venstres politiske program. Dette er valgprogrammet vårt og politikken vi i Hustadvika Venstre går til valg på og vil jobbe for i Hustadvika kommune i perioden 2023 – 2027.

Hustadvika kommune – med menneska i sentrum

Venstre vil gi fridom til den enkelte samtidig som vi tek vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats og lokalt sjølstyre. Slik skaper vi eit godt samfunn.

Omsorg når du treng det

Det skal vere trygt og godt å bu i kommunen vår. Alle som treng pleie og omsorg, skal få det i heile livsløpet. Om ein vil bu heime, skal kommunen legge til rette for gode omsorgstenester, aktivitetstilbod og møteplassar.

Det skal byggast bukollektiv, eldre- og omsorgsbustadar fleire stadar i kommunen.

Venstre vil at Farstad omsorgssenter skal utviklast som bukollektiv. Det skal vere kjøkken på institusjonane. Nylaga mat og trivsel heng i hop.

Venstre vil

  • sikre nok sjukeheimsplassar i dei to kommunesentera.
  • at pensjonistforeiningane skal vere representerte i eldrerådet.
  • sikre ei god offentleg tannhelseteneste i begge kommunesentera.
  • at det skal vere fastlegetenester i begge kommunesentera.
  • tilby helsetenester med geriatrisk lege, tannlege, ernæringsfysiolog, kommunepsykolog og fysioterapeut i oppfølginga av både yngre
    og eldre hjelpetrengande.
  • styrke det førebyggande helsearbeidet, særleg innan rus og psykiatri.
  • legge til rette for sosiale og kulturelle møteplassar. Å vere i aktivitet og
  • å kome seg regelmessig ut i frisk luft, gir livsglede og livslyst.
  • at kommunen skal gi økonomisk støtte til frivillig arbeid innan pleie- og omsorgssektoren.
  • ha ein rikhaldig aktivitets- og kulturkalender for pasientar og bebuarar i institusjonane. Særleg er dette viktig for dei som ikkje lenger er mobile.
  • sikre at Familiens hus på Eide har breitt samansett bemanning med høg kvalitet.
  • ha gode barnevernstenester

Natur, miljø og fritid – det viktige miljøvalet

Skal Hustadvika kommune vere ein bra plass å vekse opp, bu og eldast i, må vi ta vare på naturen og legge til rette for at folk vil bu her.

Dei verdifulle gyteområda og sårbare område som er viktige for sjøfugl, må vernast.

Det må utarbeidast arealplanar som sikrar økosystema, vernar og held ved like naturmangfaldet og hindrar for- søpling og slitasje i naturen.

Strandsona rundt sjø og vatn må ver- nast mot utbygging og slitasje.

Venstre vil

  • ha ein kommunal plan for vedlikehald og opparbeiding av turstiar der ulike frivillige organisasjonar blir involverte.
  • at kommunen skal vere pådrivar i arbeid og aksjonar mot forsøpling av strandsoner og hav.
  • at kommunen skal legge til rette for parkering og
  • servicefunksjonar i område som er attraktive for tilreisande.
  • at Skaret skal vere eit viktig friluftsområde heile året og eit regionalt anlegg for vinteridrett.
  • initiere ein plan for vedlikehald av kulturminne som gravrøyser, bautaer, tufter og verna bygg for å
  • sikre vår felles historie og kulturarv.
  • sikre god drift og vedlikehald av kyrkjer og gravstader.

Hustadvika kommune
– ein god stad å vekse opp

Skulane skal ha nok ressursar til å gi elevane eit optimalt læringsmiljø

Barn og ungdom skal ha gode og like- verdige oppvekstvilkår med høg peda- gogisk kvalitet i barnehage og skule og eit rikt fritidstilbod. Derfor er det viktig at lokale lag og organisasjonar skal
ha tilbod om gratis møte-, øvings- og treningslokale i kommunale bygg.

Kommunen skal legge til rette for aktiv bruk av dei to målformene i kommunen. Innbyggarar skal ha rik tilgang til både nynorsk og bokmål i alle offentlege publikasjonar og skriv i samsvar med den nye språkbruksplanen i kommu- nen. Barn og unge skal møte den store språkrikdommen i dialektane våre og bli trygge i bruk av både nynorsk og bokmål i kvardagslivet.

Venstre vil

  • at ordninga med Fritidskort skal gjere det mogleg for alle å delta.
  • ha gode lokale til kulturskulen både i Eide og Elnesvågen.
  • behalde noverande grunnskulestruktur.
  • byggje ny Eide barneskole i kommunestyreperioden 2023-2027.
  • ha ein trygg og planfri forbindelse mellom øvre og nedre del av Elnesvågen sentrum.
  • gi lærarar og anna personell i skule og barnehage gode arbeidsforhold og relevant vidareutdanning for å sikre god fagleg kvalitet og rekruttering.
  • at Hustadvika kommune held fram som MOT-kommune.
  • sikre ei god skulehelseteneste.
  • at alle skal ha eit allsidig aktivitetstilbod uansett funksjonsnivå.
  • ha eit miljøperspektiv på barn sine oppvekstområde med levande, naturlege leikeområde i barnehagar og skular, fritt for plastmateriale.
  • styrke busstilbud og bygge fleire busskur. Gode kommunikasjonstilbud gjer at barn og ungdom kan nå fritidsaktivitetar og kulturtilbud
  • på ein miljøvennlig måte.
  • samarbeide med og gi støtte til lokale idrettslag for å skape gode nærmiljøanlegg i naturlege omgjevnader.
  • gi nye innbyggarar ein velkomstpakke
  • «Ny i Hustadvika» med informasjon om tilbod og tenester i kommunen

Bærekraftig og miljøvennlig næringsutvikling

Hustadvika kommune trenger et sterkt og mangfoldig næringsliv som gir optimisme og bolyst og tar hele kommunen i bruk.

Jordbruket skal ha gode kår. Matjorda må ivaretas for å sikre og øke matfor- syningsgraden. Det må utarbeides en plan for deponi av matjord som må vike for utbygging slik at den kan tas i bruk senere.

Det må sikres god og trygg vannforsyning og avløp i hele kommunen. Kloakk og urensa vann skal ikke sendes ut i vassdrag og sjø.

Det må lages ei plan for vedlikehold av kommunale og private veger som brukes av det offentlige. Det er behov for flere gang- og sykkelveger i hele kommunen, spesielt langs Nasjonal turistveg.

Det er særlig viktig for utviklinga av kommunens næringsliv og bosetning at Hustadvika videregående skole er et robust og relevant studietilbud som er førstevalget til ungdommene i kommunen. Venstre vil støtte opp om skolen vår.

Venstre vil

  • utvikle og legge til rette for eksisterende næringsliv og nyetableringer samtidig med at FNs bærekraftmål blir overholdt.
  • Utbygginger i strandsonen må i størst mulig grad unngås.
  • at reiselivssatsinga skal følge prinsippene for øko-turisme. Venstre ønsker videreutvikling av Atlanterhavsvegen og tilstøtende områder med bl.a. turstier og serviceanlegg for å skape trivsel og gode opplevelser for alle som ferdes langs stiene.
  • Hustadvika kommune må driftes økonomisk bærekraftig med tanke på fremtidig reduksjon og senere avvikling av eiendomsskatten.
  • Driftsbudsjettet og investeringsbudsjettet må være i balanse.