Ivrar for pilotprosjekt for bufellesskap på Mork

Volda Venstre

Benedikte Holmberg og Brynhild Lund Notøy i Volda Venstre taler varmt for ideen om å bygge eit pilotprosjekt for bufellesskap og nye sosiale buformer på Mork Senter-eigedomen.

“Vi må innsjå at toget har gått for framtidige rehab-tenester på Mork Senter. No må vi våge å tenkje nytt, og i første omgang må Volda kommune få hand om eigedomen for vidare utvikling,” seier dei to.

“Helseføretaket overtok i si tid eigedomen for ei krone. Det vil såleis vere etisk rett at eigedomen vert tilbakeført Volda-samfunnet for ein rimeleg penge. Saman med den kommunalt eigde nabotomta “Nilletun” kan areala nyttast til å skape eit pilotprosjekt der bufellesskap og sosiale buformer er viktige for ny og berekraftig omsorg. Dette vil også vere i tråd med regjeringa si nye stortingsmelding om Eldreboligprogrammet,” fortel Brynhild og Benedikte.

Dei to som er nominert først på Venstre si kommunevalliste i Volda, meiner eit slikt prosjekt vil gi gode bumiljø med livsløpsstandard og bufelleskap. Fellesareala og uteområda gir også rikeleg høve til sosialt samvær og aktivitetar av ulikt slag. Dei poengterer at prosjektet ikkje berre treng omfatte eldrebustader, men også ulike bustader etter ulike behov. Dessutan peikar dei to på at det begrensa kor mange som kan bu i Volda sentrum, samstundes som Volda skal tiltrekke seg barnefamiliar og yngre tilflyttarar.

Lund Notøy og Holmberg viser til dei demografiske prognosane for Volda kommune. I 2020 budde det 449 personar i aldersgruppa 80-90 år og 134 personar over 90 år. I 2050 viser tale ein auke til 913 over 80 år og 344 over 90 år.

“Difor må vi tenkje alternativt og planlegge for framtida. På Mork kan vi få til eit tiltalande bumiljø med ideelle uteareal der trivsel og god helse kan fremjast. Men vi ynskjer at kommunen skal ha regien og stå både som eigar og vere ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplan for området, gjerne i samarbeid med eksterne arkitektar og arealplanleggarar. Dette er absolutt ei sak vi vil arbeide vidare med.”