Benedikte Holmberg, 2. kandidat for Volda Venstre: Eg brenn for NYSKAPING, SAMHALD og TRIVSEL

Volda Venstre

og vil jobbe for

at Volda kommune går i dialog med Helseføretaket om tilbakeføring av Morksenteret, helst vederlagsfritt, med det som målsetjing å utvikle området til eit aldersvennleg trygt bumiljø og eit framtidsretta bukonsept der nye sosiale buformer med større rom for deling og nabofellesskap er sentralt. Det skal vektleggast trivelege sosiale fellesareal med rom for ulike aktivitetar og fellesarrangement, lett tilgang til natur med turstiar, fiskebrygge, båt, felles parsellhagar, leikeplass m.m.

at Volda kommune skal vere ein aktiv pådrivar og tilretteleggar for etablering av “Kulturarena Volda” m.a. gjennom støtte til gjennomføring av initiativet teke rundt bevaring av støyperiet i Elvadalen/Røysbakken. Målsettinga er å ta vare på eit viktig kulturhistorisk bygg og omskape det til kulturscene, ein kreativ og sosial arena med aktivitetar og tibod for folk i alle aldrar. “Kulturarena Volda” kan fungere som ei felles plattform og promotering av ulike arrangement/scenefasilitetar kring om i kommunen.

at Volda kommune skal ha målretta og auka fokus på integrering av song, musikk, teater som naturleg del av kvardagen i barnehagar, SFO, barne- og ungdomsskule, t.d. gjennom tett samarbeid med kulturskulen. Kulturskulen skal få mogelegheit til vidareutvikling, og det skal tilretteleggast for fleire kreative fellesprosjekt mellom skule/kulturskule/korps/kor/frivilligheit m.m. Hovudmålsetjinga er å skape gode sosiale fellesskap på tvers av kultur og bakgrunn, og gi grobotn for rekruttering til det lokale song- og musikklivet.

etablering av “KSFO” (kulturskule i SFO), innføre skulekor på barne- og ungdomsstrinnet, og gi tilbod om gratis instrumentopplæring i grunnskule/SFO, i tillegg til fleire gratis kulturskuleplassar for barn frå familiar som slit økonomisk.

å sjå på prosjektsamarbeid med musikkmiljøet/lærarutdanning ved Høgskulen.

at Volda kommune skal vere ein aktiv deltakande prinsippleverandør for utvikling av Volda indre sentrum med fokus på heilheitleg arealplanlegging og framtidsretta menneskevennlege bumiljø med stadstilpassa arkitektur og trivelege byrom/grøntareal. Eg ynskjer meg bort frå usamanhengande “klattvis og delt” utbygging. Eg vil at kommunen går i dialog med grunneigarar og interessentar for å initiere ein felles arkitektkonkurranse som skal utgjere grunnlaget for ein heilheitleg plan for vidare utbygging/transformasjon av eksisterande byggmasse.