Bli kjend med Giske Venstre 2023-2027

Vi vil ta Giske framover!

Då må ei større satsing på å løyse utfordringane innan skule og oppvekst, finne gode løysingar på klima- og naturkrisa og legge til rette for små og store jobbskaparar, vere ein prioritert del i jobben som folkevalgt.

Giske Venstre ønskjer eit samfunn der alle har fridom og sjølvstende til å leve det livet dei ønskjer – uavhengig av alder, kjønn, livssyn, funksjonsnivå, legning og bakgrunn, og der vi alle tek eit felles ansvar for kvarandre.

Makt og innverknad skal komme nedanfrå. Avgjerder skal fattast nærmast mogleg den det gjeld, og med størst mogleg grad av openheit og medverknad. Politisk makt skal forankrast i opne demokratiske og inkluderande prosessar.

Oppvekst og kultur:

Å lage gode oppvekstvilkår er ein jobb ein som samfunn må gjere ilag. Trygge nærmiljø er eit vesentlig punkt for ein god barndom.

  • Vi vil arbeide for gode barneskular og barnehagar på kvar øy.
  • Vi vil prioritere skulane slik at både lærarar og elevar beheld motivasjonen for læring.
  • Vi vil arbeide for eit mangfold i fritidsaktiviteter, i heile kommuna.
  • Vi vil arbeide for nærheit til grøne områder der frileik er trygt.
  • Vi vil arbeide for uformelle «hengeplassar» for ungdom i nært samarbeid med ungdomsrådet
  • Vi vil støtte frivillige organisasjoner som er spesielt retta mot barn og unge.
  • Sikre at MOT vert prioritert
  • Jobbe mot fylkeskommuna for betre kollektiv trafikk
  • Gangveg over Giske og Gjøsundbrua
  • Gangveg Teppemyra – Geilevika
  • Trygg skuleveg.