Me står i fare for å mista representasjon frå alle delar av kommunen

Jan Arild Rømmen
Jan Arild Rømmen, Sogndal Venstre., Foto: Sigrid Svartefoss

Demokratiet seglar i motvind. Det som skjer rundt i verda er skremmande. No gjeld det Sogndal.

Då er det eit paradoks at kommunestyret i Sogndal har vedteke å redusera talet kommunestyremedlemer frå 37 til 31.

Det medfører at me står i fare for å mista representasjon frå alle delar av kommunen, at partigruppene blir små, at enkelte parti ikkje blir representerte mv. Me er i ferd med å mista mangfaldet og kanskje dei som kan krydra eit kommunestyre.

Venstre vil kjempa for demokratiet ved å auka til 37. Demokratiet er avhengig av at mange er med og bidreg. Johan Sverdrup sa det allereie på 1800-talet: All makt i denne sal!

Ta vare på demokratiet – stem Venstre!

 

Av Jan Arild Rømmen, 3. kandidat for Sogndal Venstre

(Dette innlegget vart første gong publisert i Sogn Avis 17.08.23)