Rune Seljeset, 3. kandidat for Volda Venstre: For meg er NATUR OG MILJØ det viktigaste

Rune Seljeset, 3. kandidat for Volda Venstre, Volda Venstre

Men eg vil også kjempe for ei balansert UTVIKLING I HEILE KOMMUNEN, og at dei eldre skal få ein VERDIG ALDERDOM.

Desse enkeltsakene vil eg spesielt arbeide for:

  • Ta vare på “grøne lunger” i Volda sentrum. Det må bli slutt på å byggje ut indrefiletane i Volda sentrum med leiligheiter og bygg som kan liggje andre stader.
  • Å ta vare på “grøne lunger”, vil gjerne tvinge fram bygging i høgda. Men nye bygg må passe inn, og det må takast omsyn til eksisterande bygningsmasse. Verdien på eksisterande bygg må ikkje forringast. Utbygginga ved Høgskulen/Campus er gode døme på at dette er mogleg.
  • Ta vare på matjorda, og halde oppe talet på bruk både i Volda sentrum og andre stader i kommunen.
  • Skogsdrifta bør bli meir berekraftig, dvs at hogstområda ikkje må sjå ut som ei slagmark når maskinane er vekke. Her bør greiner og kvistar utnyttast, i staden for å liggje til sjenanse i fleire tiår.
  • Volda kommune må vere i teten når det gjeld enøk, for å redusere energiforbruket i den kommunale bygningsmassen.
  • Heile kommunen må utviklast, dvs at bygg og aktivitetar som ikkje er avhengige av plassering, like godt kan plasserast i t.d. Hornindal, Folkestad eller Dalsfjorden.
  • Voldatunellen og ny Fv 60 Tomasgard-Hellesylt må byggast så snart som mogleg. Fv 60 må byggast etter planar som ligg føre.
  • Sjølv om målsettinga om at eldre skal vere heime så lenge som mogleg er god, må vi likevel leggje til rette for at mange vil vere pleietrengande ved livets slutt. Å leggje ned “Ottastova” vil difor vere eit feilgrep.
  • Det er heilt uaktuelt å byggje ut vindkraft i Volda kommune