Kystvegekspressen og ferjebrua i Smørhamn

Foto: Svein Olav Senneset

– Viser Vestland fylkeskommune vilje til å stille krav om bilførande materiell, skal vi vere dei første til å løyve pengar til ny ferjebru i Smørhamn!

Kystvegekspressen er eit viktig samferdsletilbod i Bremanger kommune, med fleire daglege anløp i både Leirgulen og Smørhamn. Trass i at det ikkje er krav til bilførande fartøy på sambandet, er det nettopp eit slikt fartøy Fjord1 har nytta sidan dei vart tildelt kontrakt av Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbake i 2012. Det å kunne ta med seg bilen ombord på Sylvarnes på strekninga mellom Smørhamn og Florø, og sleppe å køyre den lange vegen om Svelgen og over Magnhildskaret, var eit kjærkome tilbod som mange nytta seg av, fram til 2019, då ferjebrua i Smørhamn vart stengd for køyretøy, på grunn av dårleg teknisk tilstand.

Våren 2022 vart tilbodet for dei reisande med Kystvegekspressen på nytt forringa, då ferjebrua vart stengd for all bruk, og ombord- og ilandstigning heretter måtte skje over ein til tider svært bratt landgang på skutesida. På fjære sjø er det krevjande for dei fleste, og umogleg for rørslehemma, å kome seg ombord eller i land frå Sylvarnes. Dette er ikkje haldbart! Kontrakten seier at operatør (i dette tilfellet Fjord1) skal sikre «trygge og praktiske ordningar for å gå om bord og å stige i land, slik at alle kan nytte fartøya». Det er fylkeskommunen sitt ruteselskap Skyss som skal følgje opp at krava i kontrakten vert etterlevd. Ansvaret for situasjonen slik han er i dag i høve ombord- og ilandstigning, ligg såleis hos Fjord1 og Skyss.

Tida med Sylvarnes er snart forbi. Første mai 2024 tek Norled over, på ein kontrakt som skal gjelde i ein overgangsperiode, fram til Skyss lyser ut ein ny lang kontrakt med strenge miljøkrav. Kontrakten til Norled gjeld i første omgang berre for eitt år, men inneheld opsjonar på forlenging, eitt år av gangen i inntil fire år, dvs. i det lengste fram til 30.04.2029. Vi veit enno ikkje kva fartøy Norled stiller med, men mest sannsynleg vert det eit reint passasjerfartøy, for Skyss har heller ikkje i denne kontrakten stilt krav om bilførande fartøy. Men kravet i høve ombord- og ilandstigning er spissa: Den nye kontrakten seier at dette skal skje “på ein god og trygg måte ved alle tidevasstilstandar”. Dette må den nye operatøren forholde seg til.

På kort sikt ser det altså ikkje ut til at ei ny ferjebru vil kome til nytte. Men kva med den neste lange kontrakten på Kystvegekspressen?

Bremanger Venstre sitt syn er at så lenge fylkeskommunen ikkje løyver midlar til realisering av Kystvegen, i første omgang tunnelen mellom Svelgen og Indrehus, er det ikkje meir enn rett og rimeleg at Kystvegekspressen vert bilførande. Bremanger Venstre vil derfor foreslå at Bremanger kommune fremjar krav om bilførande båt i den neste lange kontrakten på Kystvegekspressen. Viser Vestland fylkeskommune vilje til å stille krav om bilførande materiell, skal vi vere dei første til å løyve pengar til ny ferjebru i Smørhamn!

 

Underside av ferjebru

 

Ferjebrua har omfattande rustskader