Her i landet blir istaden 30.000 bukkekje kvart år slakta ved fødselen

Bjarte Haugen, Sogndal Venstre., Foto: Privat

Geiteflokken på Kvist har engasjert alle, frå beitemark til Stortinget. Det er bra med debatt om slike saker, det set lys på dagens landbrukspolitikk. Der har geita diverre ikkje den plassen ho fortener.

Geita er blant dei mest vanlege husdyra i verda, og geitehald er berekraftig. Geita treng mindre for enn ein sau. Ho er ein fantastisk beitepussar og landskapspleiar, fordi ho et variert: gras, lauv, busker og kratt. Geita gjev kjøt og mjølk basert på utmarksressursar, og er ein naturleg klimaarbeidar.

Likevel driv få bønder med geit, sjølv på knappe og bratte vestlandsgardar perfekt for geitehald. Produksjonstilskota er låge, samanlikna med sau og storfe. Her i landet blir istaden 30.000 bukkekje kvart år slakta ved fødselen. Bonden får ikkje produksjonstilskot for å halda hanngeiter. Dyra blir avliva, fordi samfunnet ikkje ser verdien i dei. Samstundes gror marka og kulturlandskapet att.

Sjølvdyrking er i dag ein trend og småbruk er ei populær buform. Sogndal Venstre ønskjer at det skal vera plass til slikt småbruks-landbruk, og gjerne med geiter! Me bør premiere småskala og naturleg matproduksjon, god dyrevelferd, bruk av utmarksressursar og landskapspleie. Me meiner at slik småbrukspolitikk kan vera med å få tilflyttarar til bygder og grender, er god klimapolitikk, og kan gje ny bruk av dyrka mark og utmark som ikkje lenger blir halde i hevd. Driveplikta treng skjerping.

Geita gjev kjøt og mjølk basert på utmarksressursar, og er ein naturleg klimaarbeidar.

Ved å endre landbrukspolitikken slik at ein blir premiert for at dyr lever naturlege og lengre liv, vil me få betre dyrevelferd, meir landskapspleie, naturleg beitepuss og god matproduksjon i betre balanse med etterspurnaden. Lat maten modne naturleg, ta vare på mark og beite, gjerne med geiter!

 

Av Bjarte Haugen, 1. kandidat for Sogndal Venstre

(Dette innlegget vart første gong publisering i Sogn Avis 26.08.23)