Med opp til 25 elevar i klassen klarer eg ikkje å treffe alle

"Med opp til 25 elevar i klassen klarer eg ikkje å treffe alle." Christian Holstad Lilleng, ordførarkandidat Haram Venstre., Fakismile fra NRK Møre og Romsdal under koronaepedemien.

Kvar dag er det både opp- og nedturar som lærar. Kvar dag gjer eg noko rett, men kvar dag gjer eg også ein god del gale. Med opp mot 25 elevar i klassen klarer eg ikkje å treffe alle.

Særleg ille blir det når eg står i matematikktimen og prøver å førebu alle til universitetet. I 10. klasse. For minst halvparten av dei som er i klasserommet skal ikkje på høgskule eller universitet. Ikkje dei første fem-seks åra i alle fall.

Ofte er det opp mot 60% av dei som skal jobbe seg fram til ein fagbrev på det vi kalla “yrkesskulen” i gamal tid.

Ofte får eg ein Snap eller ei melding frå tidlegare elevar. Hovudregelen er at desse kjem frå såkalla verstingar med mark i rumpa og hat til skulebøker. Snapane er frå lastebilen, gravemaskinen, traktoren med måkeutstyr, eller noko anna stort og tungt. Oftast kjem meldingane seint på kvelden – medan dei jobbar overtid. Eg er frykteleg stolt av dei, fordi avsendarane er nokre råskinn til å jobbe. Gutar og jenter med klare mål i livet, og det at dei kjem seg gjennom tiande trinn utan at eg måtte setje dei ned i verken orden eller oppførsel, er innimellom eit lite under. Ikkje fordi dei er spesielt “ille”, men fordi den norske skulemodellen på langt nær passar dei.

Eg kjenner på skam for at eg som lærar ikkje klarer å tilpasse skulen til desse som er supersterke praktikarar, som klarte ting som tretten-fjortenåringar som eg framleis er langt unna å få til, og som er flinke menneske utan å måtte halde nasa i bøkene til dei er 23. Difor sit eg der av og til i klasserommet etter end skuledag med tårer på begge kinn og lurar på kva eg kan gjere – og kven eg skal riste – for å få til draumane om ei skule for alle; om ein grunnskule og vidaregåande skule som førebur ungdommane til livet, og ikkje berre til universitetet.

For å låne orda til Østfoldartisten Halva priset: «Det kommer en dag der du får se, det ekke deg det er no’ med, du finner greia di et sted». Denne “greia di et sted” må kome så tidleg som mogleg.

Far min gjekk 7 år på Haredalen skule, eg gjekk ni ved Klokkergården skule, Karlshus skule og Råde ungdomsskule, medan dagens unge må gå 10 år. Det blir berre verre og verre.

Difor vil Haram Venstre innføre ei praktisk linje ved Haramsskulane. Enten ved å ha eigne praktiske klassar på ungdomsskulane, men aller helst i samarbeid med Haram vidaregåande, slik at dei kan gjennomføre sitt tiande skuleår på verkstaden der med same læringsmål som teoretikarane.

Alle skjønar at dei kjem til å lære meir då, og at det blir lettare å kome seg fram til fagbrevet seinare, fordi dei ikkje har blitt så skoleleie som dei kunne ha blitt. “Du finn greia di et sted“, og eg kan med klar røyst halde fram med slutten av verset: “går det te’ helvete blir jæ me’ ne’, kompis!”.

For eit menneskeliv er ikkje meir verdt om ein er flink i realfag enn om ein er flink med hendene. Kanskje treng enkelte både to og tre forsøk for å få det fagbrevet eller det kompetansebeviset, men sjansen for å klare det blir større om vi skaper ei skule i Haram for alle.

Christian Holstad Lilleng
Ordførarkandidat Haram Venstre