Stig Helland, 4. kandidat for Volda Venstre: Eit SKAPANDE NÆRINGSLIV og GODE KOMMUNIKASJONAR er viktig

Volda Venstre

Eg ivrar for eit berekraftig næringsliv og god samferdsle i kommunen vår. Volda må vere ein kommune som i størst mogeleg grad set næringslivet i fokus – som både tar vare på det eksisterande næringslivet og legg til rette for gründerar og god gründerånd.

Ferjefrie fjordkryssingar er viktig. Det er med på å byggje saman kommunar og regionar og skape ein større bu-, teneste- og arbeidsmarknad. Inntil nye fjordkryssingar er på plass, må eksisterande kommunikasjonsårer – både vegar og ferjesamband – skikkeleg vedlikehaldast og forbetrast.