Benedikte Holmberg, 2. kandidat for Volda Venstre: Prosjekt KULTURARENA VOLDA

Volda Venstre

Etter fleire år med storsatsing på ulike idrettsarenaer i Volda, er tida no inne for å sette fokus på ein annan viktig bidragsytar som fremmer god folkehelse: Musikk- og kulturlivet i Volda.

Alt dette som går føre seg utanfor idrettshallane, anten det er kor eller korps, danseringar, konsertarrangement, festivalar, teater – alle viktige bidrag for gode opplevingar som gir til trivsel, fellesskap og levande lokalmiljø.

Kulturlivet i Volda har vakse fram trass i at vi har mangla ei fullgod musikk- og kulturscene. Likevel er det blitt skapt unike og ulike arenaer for musikk-, kunst- og kulturformidling kring om i kommunen. Vi har fått oppleve opera i Propellhallen, tangokonsert på Samfunnshuset, huskonsertar i Skrivargarden, urframføringar på Botnasanden, utekino på Haualeite, konsertar på Rokken, i Voldskyrkja, på Gamlegymnaset, i Myraløa, på Tredet, i Elvadalen, i Groparken for å nemne noko.

Alt dette er i stor grad avhengig av kreative idear, initiativ og engasjement frå eldsjeler, foreldre, ungdomar, studentar, pensjonistar – frivillige som bidreg til at vi skal kunne ha eit mangfaldig kulturliv i kommunen vår.

Samtidig med dette mangfaldet av kulturarrangement, opplever vi likevel at rekruttering av nye songarar og musikantar til det tradisjonelle korps- og kormiljøet, nærast har stoppa opp. Lokale dirigentar tek til å bli “mangelvare”, korpsinstrumenta finn vanskeleg nye eigarar – og er songen i ferd med å bli borte i skulen og daglegliva våre?

Songen og musikken er ein viktig del av kulturarven vår. Kor og korps har vore viktige aktørar og ein arena for å lære seg å spele eit instrument, “finne” stemma si, oppleve song- og spelegleda, og ikkje minst: føle fellesskap i eit trygt og sosialt miljø der ein ikkje treng konkurrere eller “vinne”.

Alt startar i barne- og ungdomsåra. Det er då vi får impulsane for det vi seinare i livet “driv med” eller brenner for, det som kan gi oss glede og meining. Men for å få desse impulsane må vi “utsetjast for input”, også når det gjeld musikk, kunst og kultur. Også på bygda blir det skapt nye utøvarar – også profesjonelle, dersom vi gir dei sjansen. Utan korpsa og kora hadde vi kanskje aldri fått Sula sine “eksportartiklar” Nils Petter Molvær eller The Brazz Brothers. Og Volda hadde vi kanskje heller ikkje kunne skrytt på oss verken Beadybelle Beate eller operatalentet Lovise.

Volda Venstre ynskjer å bidra til eit rikt og blomstrande musikk- og kulturmangfald., og vil jobbe for at kommunen skal ha ei målretta og tydeleg satsing. Som viktig ledd i dette ynskjer vi å opprette prosjektet KULTURARENA VOLDA, ei satsing som også kan fungere som katalysator og bindeledd mellom kommune, frivilligheit, lag/organisasjonar, høgskulen, næringslivet m.m.

Volda Venstre vil mellom anna arbeide for:

  • at Volda kommune skal ha auka fokus på integrering av song, musikk og teater som ein naturleg del av kvardagen i barnehagar, SFO, barne- og ungdomsskulane – til dømes gjennom samarbeid med kulturskulen.
  • at kulturskulen skal få moglegheit til vidareutvikling og nytenking. Fellesprosjekt mellom skule, kulturskule, ungdomsklubb, korps, kor, frivilligheit der målsetjinga er å skape gode sosiale fellesskap og samtidig gi grobotn for rekruttering til det lokale song- og musikklivet
  • å opprette “obligatorisk” skulekor på barne- og ungdomstrinnet.
  • å innføre Kulturskule-SFO
  • fleire gratis kulturskuleplassar for born i familiar som slit økonomisk
  • større fokus på integrering mellom ulike kulturar/kulturuttrykk
  • at Volda kommune skal vere ein aktiv pådrivar og tilretteleggar for initiativet som er teke for bevaring av Støyperiet med tanke på etablering av ei kulturscene, ein kreativ og sosial arena, ein møteplass med aktivitetar og tilbod for folk i alle aldrar.