Kvinnherad Venstre kjempar for Sunnfast!

Venstre har programfesta Sunnfast som påkopling for Kvinnherad mot E39. Dette vil knytte oss tettare saman med dei folkerike delane av Sunnhordland og opp mot Flesland og Bergen. Bu og arbeidsmarknadsområdet vert då mykje større enn i dag, og vil etter Venstre sitt syn vere avgjerande for at Kvinnherad i framtida skal kunne knytte til seg nye innbyggarar og ny næring, og få våre ungdommar som er under utdanning i andre delar av landet til å flytte heim. Venstre har jobba for dette sidan 2015 og er ein garantist for at dette skal bli jobba aktivt med i kommunestyret i Kvinnherad samt i Fylkestinget i Vestland og på Stortinget.

Fram til dette sambandet blir realisert skal Venstre arbeide aktivt for innkorting av sambandet mellom Kvinnherad og Stord. Vi vil at Sunde vert ferjestaden mellom Kvinnherad og Stord. Ferja bør i førstninga gå til Jektevik. Dette vil gje stor miljøgevinst og innkorting av den totale reisetida for storparten av dei reisande. Vegane på Halsnøy blir sikrare med redusert gjennomgangstrafikk. Venstre vil og arbeide for å få ei raskare ferje, slik at frekvensen i sambandet vert auka. Mot Flesland/Bergen vert reisetida redusert med omlag 30 – 40 minuttar, grunna den nye motorvegen mellom Os og Bergen (Svegatjønn – Rådal). Tungtrafikk som skal sørover mot Haugesund og Stavanger vil samstundes vere direkte påkobla til E39.

Venstre vil vidare arbeide for at det vert sett opp ei snøggbåtrute frå Sunde (eventuelt frå Husnes) til Os. Med den nye motorvegen vil ein då kunne vere på Flesland/Bystasjonen i Bergen frå Sunde på under 1 ½ time.

Vidare vil Venstre halde fram arbeidet med Kvinnheradspakken og at Sunnfast/Sunnhordlandsdiagonalen vert den føretrekte armen til Bergen på strekninga mellom E134 og Bergen, via E39 Hordfast.