Venstre vil ikkje ha gondol i Kjøsnesfjorden

Ei av valkampsakene i nabokommunen vår vest om Fjærlandstunnelen, er planane om Gondol i Kjøsnesfjorden. Sogndal Venstre er heilt på line med Sunnfjord Venstre, og seier nei.

«Glacier Gondol», som bana har blitt døypt, er planlagt å gå frå Lunde ved innløpet til Fjærlandstunnelen, og opp på Tverrfjellet til Jostedalsbreen på 1500 meters høgde. Blir det slik initiativtakarane ønsker seg, vil det bli både eit serveringstilbod og eit klimaklasserom på toppen. Reiseliv er ei viktig næring både i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Å leggja til rette for aktivitet og opplevingar vil me gjera, men ikkje alle stader.

Venstre vil leggja til rette for at folk kan oppleva Jostedalsbreen Nasjonalpark på meir skånsame måtar enn å byggja ei gondolbane med faste installasjonar og store naturinngrep i eit spektakulært landskap, i randsona til nasjonalparken. Ei slik turistmaskin vil ikkje nødvendigvis tene eksisterande reiselivsnæring. Like gjerne tvert imot.

Ein av portane inn til Jostedalsbreen Nasjonalpark og unike Kjøsnesfjorden er Fjærland. Her har me verksemder som med respekt for landskapet dei er ein del av, tek imot, formidlar og let folk oppleve breane og landskapet si historie, klimaendringar og korleis me best kan balansera bruk og vern. Ei gondolutbyggjing i dette landskapet vil vera brutal. Det står ikkje til truande verken for folk som bur og driv verksemd her, eller besøkande.

Venstre vil leggja til rette for at folk kan oppleva Jostedalsbreen Nasjonalpark på meir skånsame måtar enn å byggja ei gondolbane med faste installasjonar og store naturinngrep i eit spektakulært landskap, i randsona til nasjonalparken.

Ansvaret for å sjå heilskapen og unngå tunnelsyn kviler på Sunnfjord. Sogndal Venstre er tydelege på kva me meiner, det bør også dei andre partia i natur- og nasjonalpark-kommunen Sogndal vera.

Stem Venstre!