Saman tek vi Hareid framover

Foto: Odd Erling N. Eriksen

Samarbeid. Det er det vi treng for å kome framover.

Samarbeid på tvers av partia. Mellom administrasjon og politikarar. Mellom kommune, fylket og Stortinget. Mellom kommune og næringsliv. Mellom bedriftene. Mellom kommune og frivilligheita. Samarbeid, slik skaper vi dei gode løysingane og resultata, overalt.

Vi er heldige i Hareid. I kommunestyret har det vore god stemning, og fokus på gode løysingar. Og slik opplever eg at det også er elles i kommunen. Vi har kanskje litt ulik veg til målet, men med god dialog og ønske om det beste for Hareid, har vi fått til mykje, og vi skal jobbe vidare for å ta Hareid vidare framover!

Nokon vil kanskje seie at vi også har vore litt kjedlige den siste perioden i Hareid. Vi har vore samstemte i mange saker. Sjølv meiner eg det er positivt for Hareid at vi finn gode løysingar i lag, for å nå eit felles mål – gode tenester, god bu- og oppvekstkommune og tilrettelegging for næringslivet vårt, for å nemne noko, framfor å krangle.

Eg håper du vil gi meg og Venstre tillit til at vi vidare skal jobbe for Hareid. Vi veit at ingen får til alt aleine. Det er du som bestemmer. Bruk stemmeretten, og stem gjerne på oss i Venstre. Om du endar opp med å stemme på eit anna parti/liste, kan du gi meg ein slengar, om du vil.

Beste helsing

Annika Brandal, ordførarkandidat Hareid Venstre