Vi må ta vare på eldsjelene

Foto: G.C. fra Pixabay

Ørsta kommune har mange gode fritidstilbod til born og unge og t.d. idretten står sterkt. Mange av desse tilboda får offentleg støtte og tilskot, men samtidig er den daglege aktiviteten i svært stor grad tufta på dugnad og frivillig innsats frå ei lang rekke eldsjeler. Denne innsatsen er med på å skape gode oppvekstvilkår for borna våre. Verdien av dette er uvurderleg og det må vi anerkjenne.

Dessverre får vi meldingar frå enkelte idrettslag om at eldsjelene til tider opplever møtet med byråkratiet i kommunen som utfordrande. Når dei vender seg til kommunen, opplever dei i mange saker at det går lenge før dei får svar. Det kan også vere gode idear som ikkje blir fulgt opp eller konkrete løysingsforslag for anlegg som blir avvist fordi gjeldande planar eller regelverk ikkje tillet det.

Ørsta kommune er ein samspelkommune med slagordet “saman mot nye høgder”. Vi ønsker at alle eldsjelene skal oppleve kommunen som ein heiagjeng på tribunen og ikkje som ein motstandar på motsatt banehalvdel.

Vi har framleis mykje å jobbe med når det gjeld utanforskap og å hindre at born og unge i Ørsta fell utanfor. Det er heller ikkje slik at idretten fyller alle sine behov. Men vi må ikkje gløyme at den innsatsen som allereie blir gjort av frivillige har enorm verdi også som forebygging mot utanforskap.

Som politikarar må vi derfor sjå til at eldsjelene blir tatt vare på. Kommunen må vere rigga med nok ressursar for rask saksgang og god dialog med idrettslaga og frivilligheita for øvrig, og dei gode ideane må bli møtt med respekt og opne armar.

Ørsta Venstre
Are Folkestad, ordførarkandidat
Erling Taftesund, 4. kandidat