Stig Helland klar for kommunestyret

Vi gratulerer Stig Helland med plass i det nye kommunestyret, Volda Venstre

Vi gratulerer Stig Helland med eit godt personleg val og fast plass i det nye kommunestyret!

Varalista for Stig ser slik ut: Benedikte Holmberg, Brynhild Lund Notøy, Rune Seljeset og Hege Anett Nygård Seljeset.

Dessverre vart det inga jubelstemning i Volda Venstre etter kvart som resultata av årets kommuneval tikka inn på skjermen. Volda Venstre fekk 209 røyster og ei oppslutning på 3,7% – ein tilbakegang på 2,1% i høve til valet i 2019. Dette gav berre det eine mandatet til Stig Helland i det nye kommunestyret. Ei mager trøyst er det at alle Venstrelaga på Søre Sunnmøre opplevde det same. Både Ørsta, Ulstein, Hareid, Sula og Ålesund sit att med berre eitt mandat kvar. Lyspunktet var Vanylven – der Venstre vart det nest største partiet. Dessutan fekk Lena Landsverk Sande frå Vanylven fast plass i det nye fylkestinget saman med Pål Farstad.

Det var klart allereie valkvelden at Sp, Ap, Sv, Mdg og Rødt held fram samarbeidet i den komande perioden – denne gongen også saman med Krf. Løysinga for Venstra vart då å søke valteknisk samarbeid med Høgre og Frp, og ein avtale med desse partia er no forhandla fram. Det gir Venstre fast plass og 2. varaplass i tenesteutval for helse og omsorg, og fast plass og 1. varaplass i tenesteutval for forvaltning og utvikling. I tillegg får Venstre 1. varaplass i tenesteutval for oppvekst og kultur, mens Stig Helland vert 3. vara til formannskapet. Vi meiner såleis at vi har oppnådd god utteljing trass i eit skuffande valresultat.

Vi takkar dei som har røysta på Venstre ved årets val. Og vi ynskjer Stig Helland og dei andre som vert valde inn i tenesteutvala lykke til med eit viktig lokalpolitisk arbeid dei komande fire åra.