Me må tenke fornybar energi

Naturen gjev oss alt frå stille og ro til mektige opplevingar. Er det rett å bygge ut
fornybar energi i urørt natur? Vil me ofre natur for eit høgare forbruk, eller vil
me satse på openberre løysingar som energieffektivisering, oppgradering av
vasskraft, solenergi, bølgekraft og bergvarme?
Vindkraft er uaktuelt i fjella våre, og eg ynskjer det heller ikkje i industriområde,
tett på eksisterande bustadområde og lokalsamfunn.
Eg meiner at det fyrste me må gjere, er å oppgradere eksisterande kraftverk. Er
det noko me har rikeleg av, så er det vatn. Å auke kapasiteten i etablerte
kraftverk vil redusere behovet for å bygge ut urørt natur. Samstundes må ein ta
omsyn til livet i elvane, og det er nødvendig med tiltak som kan redusere
eventuelle negative konsekvensar kraftutbygging kan føre med seg.
Me må prioritere kva som er lønsamt for neste generasjon, og ikkje dagens
investorar.
Energikommisjonens rapport «Mer av alt, raskere» kjem med nye og krevjande
oppgåver til kommunane. Det vert ei overordna oppgåve å utnytte all den
ubrukte fornybare energien lokalt. Me bør som kommune legge til rette for å
samarbeide med næringslivet om overskotsvarme og ha dette som ein raud
tråd i våre reguleringsplanar. Samstundes må me bidra til at private og
næringslivet kan velje gode, klimavennlege løysingar som tek ned
energiforbruket.
Kommunale bygningar bør vere tilrettelagde for andre andre
oppvarmingsløysingar som både bidreg til å oppretthalde kraftbalanse og
energibalanse. Ei utgreiing om kjernekraft vil vere interessant lesnad. Uansett
må me ta omsyn til lokalsamfunn og våre miljø. Alt i 1993 sa Venstre i sitt
partiprogram frå om behovet for lågenergisamfunnet med ENØK-tiltak.
Naturen skal vere der for dei neste generasjonane òg, frå fjell til fjord.