Tid for handling når det gjeld Ørstafjordkryssing

Ørsta Venstre, frå venstre Stine Mari Liaset, Erling Taftesund, Are Folkestad, Gunnar Knutsen og Bent Nakken Kjerstad / kollasj., Foto: Annika Brandal/skjermdump

I samband med framtidig E39 over Hareidlandet har vi dei siste åra fått høyre både frå ordførarar og andre at det er “vedtatt” at trase for kryssing av Vartdalsfjorden må vurderast etter at trase over Sulafjorden/Breisundet er bestemt.

Ut frå dette kan det verke som at trasevalg både for kryssing av Vartdalsfjorden og Ørstafjorden er hamna i bakevja, med det resultat at E39 må gå gjennom Ørsta sentrum til “evig tid”. Men spørsmålet er om dette faktisk stemmer.

Om vi ser på fakta, så kan vi ut frå tidlegare medieoppslag og Statens Vegvesen sine heimesider sjå at det dei siste åra har foregått forundersøkingar og utgreiingar parallelt både i Vartdalsfjorden og mellom Hareid og Sula.

Hausten 2018 utførte Fugro på oppdrag frå Statens Vegvesen seismologiske undersøkingar i Vartdalsfjorden. I april 2020 tildelte SVV kontrakt til Norconsult for å utarbeide prosjekteringsgrunnlag for kryssing av Vartdalsfjorden. Målingar av vind ilag med straum- og bølgemodellar skulle vere med og danne dette grunnlaget.

På SVV si liste over pågåande prosjekt i 2023, er Vartdalsfjorden framleis lista opp til liks med Sulafjorden. Det er altså i sum allereie investert fleire titals millionar i utgreiingar i Ørsta kommune i eit arbeid som pågår enno. Resultata frå desse undersøkingane eller framdrifta på prosjekt for Vartdalsfjorden har så vidt vi kan sjå ikkje blitt presentert for ålmenta eller for politikarane i Ørsta. Men kan det vere fordi det aldri har blitt etterspurt?

Hareid Fastlandssamband AS (HAFAST) sitt formål er i følge vedtektene å arbeide for realisering av planar om fast vegsamband mellom Hareid og Sula. Dei vil dermed verken etterspørre eller automatisk få informasjon frå SVV om framdrifta i prosjektet som gjeld Vartdalsfjorden. Det er ikkje innafor deira mandat eller interesseområde.

Ørsta har ikkje hatt noko tilsvarande selskap som kan holde dialogen med SVV eller sikre framdrift gjennom lobbyering slik HAFAST har gjort. Som eit resultat kan det virke som HAFAST åleine har fått definere kva som er logisk rekkefølge i framdrift og realisering.

Det er gledeleg å sjå at det no er engasjement i Ørsta for å få fortgang i arbeidet med å realisere Ørstafjordkryssing. Vi meiner det er spesielt tre punkt som politikarane i Ørsta no må arbeide aktivt med i tida framover.

For det første må vi be om ei orientering frå Statens Vegvesen med resultat frå undersøkingane som er gjort og status på framdrift for prosjektet som omhandlar Vartdalsfjorden og Ørstafjorden.

For det andre er det viktig å ta opp igjen arbeidet med kommundelplanen som stoppa opp tidlegare. Dette vil vere eit viktig dokument for å synleggjere og fronte Ørsta kommune sitt syn på framtidige løysingar for kryssing av Ørstafjorden.

Sist, men ikkje minst bør ein også vurdere om det er formålstenleg å opprette eit eige selskap med formål om realisering av planane for kryssing av Ørstafjorden.

Ørsta Venstre v/

Are Folkestad
Gunnar Knutsen
Erling Taftesund