Privat og kommunal SFO bør i prinsippet likestillast

Volda Venstre

«Eg meiner Volda kommune, som prinsipp, skal vedta likestilling av kommunale og private SFO-tilbod. Men først må regjering og Storting legge økonomisk til rette for ei slik ordning.»

Det hevdar Rune Seljeset i Volda Venstre. Han er vararepresentant i tenesteutval for oppvekst og kultur.
«Eg er såleis usamd i innstillinga frå kommunaldirektøren om ikkje å likestille desse ordningane,» seier Seljeset. Kommunaldirektøren vender tommelen ned først og fremst av økonomiske årsaker.

Volda Venstre har difor saman med Høgre og FrP utarbeidd eit alternativt framlegg som vart fremja på siste møtet i formannskapet:

1. Volda kommune går i prinsippet inn for likestilling av kommunal og privat SFO.

2. Volda kommune vil likevel ikkje innføre denne likestillinga før det er lagt til rette for dette økonomisk frå regjeringa og Stortinget. Vi ser føre oss at dette må ordnast på same måte som for kommunale og private barnehagar eller for kommunale og private skular.

3. På same måte som for private barnehagar og skular, må det stillast klare krav til private tilbydarar av SFO, slik som FFO er det.

4. Volda kommune vil peike på at når regjeringa innfører tiltak – som 12 timars gratis SFO for 1. og 2. klassingar – må dette fullfinansierast av staten.

Saka skal endeleg handsamast av kommunestyret.