Eit nøkternt, grønt og sosialt budsjett for Vestland

Gruppeliearar i Venstland Venstre
På biletet frå v: Trude Brosvik (Krf), Nils Anders Nøttseter (MDG), Sigrid B. Handegard (SP), fylkesordførar Jon Askeland (SP), Marte Hammer (SV), fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap) og vår eigen Åsta Årøen (V), saman i samband med finansutvalsmøtet på Voss 28.-29. november 2023), Foto: Vestland Venstre

Fleirtalet beståande av Ap, Sp, Sv, KrF, V og MDG i Vestland har landa eit nøkternt, grønt og sosialt budsjett som evnar å prioritere i harde tider. Vi innførar fleksibel rabatt for enkeltbilletten til Skyss, vidareførar viktige ferje- og hurtigbåtsamband og held oppe vedlikehaldspakken på veg frå 2023. Trass ein krevjande fylkeskommunal økonomi, vidareførar vi suksessen Vestland frå dei siste fire åra.

Fleirtalspartia opprettheld ambisjonane om klima, natur- og miljømessig berekraftig og framtidsretta leiarskap i Vestland. Difor har budsjettet prioritert kollektivtiltak som skal sikre at fleire vel buss, båt og bane framfor personbilen.

I ei uroleg verd er konsekvensane i Noreg aukande kostnader og renteauke. Dette har også gitt Vestland fylkeskommune ein meir utfordrande økonomi for 2024 og truleg for økonomiplanperioden. Vestland fylkeskommune har fått ei krevjande utfordring. Fleirtalspartia arbeider derfor òg politisk mot statlege styresmakter for å auka handlingsrommet framover.

Sjølv med store renteutgifter som gjer at vi må skyve på fleire investeringar, sikrar vi eit økonomisk ansvarleg budsjett som samstundes løftar folk der dei bur.

Nokre av dei viktigaste punkta i budsjettet er følgjande:

  • Vidareutviklar kollektivtilbodet. Hovudsaka er innføring av fleksibel billett på bane og buss. Alle får rabatt, og den aukar for kvar reise, og kan bli like høg som månadskort. I Bergensregionen spesielt er det vårt bidrag til å få ned bilkøane og fleire over på buss, båt og bane.
  • Vidareføring av ferjesambandet Kinsarvik-Utne og dagruta på Sunnhordlandsruta.
  • Tilskotsmottakarar innanfor kultur, idrett og inkludering får ein prisjustering av tilskota med om lag 3,8% i gjennomsnitt. Samstundes følgjer vi staten si auke til Bergen Nasjonale Opera og aukar tilskotet med omtrent 1 million.
  • Fagskulen i Vestland skal utviklast. Det vert sett i bestilling ein gjennomgang av utviklinga av Fagskulen Vestland, slik at denne fyller rolla som utdanningspolitisk verktøy som høgare yrkesfagleg utdanning innan berekraftige økonomiske rammer.
  • På investeringsbudsjettet står gjeldande planar på bygg og fylkesveg (RTP) fast, og fleirtalspartia støttar hovuddelen i fylkesdirektøren sitt budsjettframlegg. Dei utsette investeringane vert lagt ved budsjett/økonomiplan som ei marginalliste, som vert tatt inn om det vert økonomisk handlingsrom for det.
  • 20 millionar meir til større utstyr på yrkesfaga. Det er eit behov for oppdatert utstyr for at elevane våre skal få opplæring i maskinar som dei skal nytte i arbeidslivet. Slik får vi fagarbeidarar som er betre rusta til å løfte næringslivet i Vestland.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Åsta Årøen gruppeleiar Vestland Venstre – tlf. 995 22 847