Ap, Venstre og SV går saman om å styre Bremanger kommune dei neste fire åra

Ordførar Anne Kristin Førde og varaordførar Svein Olav Senneset, Foto: Gjert Myrestrand, Fjordenes Tidende

Pressemelding 16.09.2023:

Anne Kristin Førde frå Arbeidarpartiet held fram som ordførar i Bremanger. Svein Olav
Senneset frå Venstre vert varaordførar. Med Norvall Klungresæter og SV med på laget, har
partia fleirtal i det nye kommunestyret.

Eit hovudmål for samarbeidet er at Bremanger skal vere ein samla kommune der alle
innbyggjarar i alle aldrar kjenner seg sett og verdsett. Partia vil samarbeide om å finne gode,
samlande løysingar til det beste for innbyggjarane i heile kommunen.

– Bremanger Ap er svært fornøgde med den gode samarbeidsavtala vi i fellesskap no
har utarbeida. Vi håpar og trur at vi har sett ei politisk retning som alle parti i
Bremanger kommune har lyst å ta del i for å nå måla om vekst og utvikling, seier
ordførar Anne Kristin Førde.

– Bremanger Venstre er veldig glade for at vi har lukkast med å få på plass ein
styringsdyktig koalisjon beståande av parti som har samanfallande syn på viktige
politikkområde, seier påtroppande varaordførar Svein Olav Senneset.

– Bremanger SV synest at vi har landa ei god plattform der vi har sett miljø og klima
øvst på lista – eit fokus som må vere med oss i alt vårt arbeid. Så vonar vi at vi kan
fortsette med det gode samarbeidsklimaet vi har hatt i inneverande periode, der vi
arbeider for at Bremanger kommune skal bli ein endå betre stad å bu, seier 1.
kandidat for SV, Norvall Klungresæter.

Samarbeidsplattformen partia har signert finn du her: Samarbeidsplattform Ap-V-SV 2023-2027