Dramatisk avgjerd på heilt sviktande grunnlag?

Portrett av Olav Lønheim Tveitnes
Foto: Privat

Eg er nesten skremt over å lesa innhaldet i risikoanalysen som er utført.

Bjørnafjorden står på kanten av eit økonomisk stup. Kuttforslaga er drastiske. Eitt av dei er å leggja ned legevakta i Eikelandsosen, men kunnskapsgrunnlaget avgjerda skal takast på, er slett.

Sviktande inntektsgrunnlag etter kommunesamanslåinga blir no realisert. Staten sit att med pengane, og kommunen sit att med svarteper. Kommunedirektøren har lagt fram eit inngripande budsjettforslag med store kutt i mange sektorar, kuttforslag som vil råka alle innbyggjarane i kommunen vår hardt. Dette vil både du og eg merka!

Som representant for partiet Venstre, var eg sjølv deltakar på budsjettkonferansen og vart tett på sjokkert då administrasjonen sine kuttforslag for helse og omsorgstenestene vart presenterte.

Det absolutt mest dramatiske forslaget for dei som bur på «Fusa -sida» av fjorden, er forslaget om nedlegging av legevakta i Eikelandsosen. Det vart under budsjettkonferansen blant anna argumentert med at ein også i nokre andre kommunar hadde svært lange avstandar til legevakttenester. Er det eit greit argument for å rasere helsetilbodet og tryggleiken for alle dei som bur på denne sida av Bjørnafjorden ?

Ved nedlegging av legevakta i Eikelandsosen er alternativet at legevakta på Moberg skal dekkje legevaktbehovet for heile den vidstrakte Bjørnafjorden kommune. I det drastiske budsjettforslaget er responstider for utrykning basert på google maps og køyreforhold på sommarstid. Me som bur på «Fusa-sida» veit at ferja over fjorden ikkje går heile døgnet og me veit også at vegen gjennom Samanger, via Rolvsvåg og Hegglandsdalen til Os kan vere krevjande, ein del dagar av året særs krevjande. Svært mykje tyder på at det ikkje er gjort eit tilstrekkeleg grunnarbeid for å få belyst realitetane og konsekvensane av dette kuttforslaget.

Gjennom budsjettkonferansen vart det fleire gonger påpeika at nedlegging i Eikelandsosen er forsvarleg basert på ein gjennomført risikoanalyse utført av kommunen sjølv. I mitt daglege virke arbeider eg med risiko og risikoanalysar og eg har sett nærare på risikoanalysen som ligg til grunn for nedleggingsforslaget. Eg må seia at eg er nesten skremt over å lesa innhaldet i risikoanalysen som er utført. I innleiinga står det at; «Det overordna målet er å bespara kr 6,7 mill gjennom nedlegging av legevaktstasjonen i Eikelandsosen»! Målet med ei risikovurdering må jo vera å kartlegge risiko og konsekvens av eit føreslått tiltak, ikkje å argumentera for sjølve tiltaket.

Det er lista opp heile 31 ulike risikoar i analysen som er utarbeidd og eg stoppar opp allereie ved fyrste vurderte risiko. Denne er formulert slik: «Hvilke konsekvenssr vil dette føre til for innbyggerene på Fusa-sida?» Konklusjonen er: «Kan medføre alvorlige konsekvenser i akuttsituasjoner, fordi lege ikke kommer frem i tide»

Denne risikoen er kategorisert som «svært sannsynleg». Dette betyr, basert på definisjonane i risikovurderinga, at dette vil kunna skje, og i tillegg vil det kunna eskalere til ein større kjedereaksjon. Konsekvensen om denne risikoen skulle inntreffa, er kategorisert til «svært kritisk». Etter same definisjon betyr dette at konsekvensen vert dødsfall blant innbyggjarane.

I risikoanalysen vert denne risikoen svara ut med: Akuttsjukepleier i Eikelandsosen, to leger aktiv på Moberg, videoløsning, ivareta pasientene ved hjelp av hjemmesykepleie, vurdere å oppbemanne en sjukepleier på natt (hjemmesykepleien)…

Desse tiltaka (og nokre fleire) vert gjentekne gjennom heile dokumentet, og basert på desse tiltaka konkluderer ein at risikoen er akseptert. Eg er ikkje helsepersonell, men eg stiller meg svært kritisk til at ein klarer å redusera ein såpass alvorleg risiko som dødsfall med dei tiltaka som er lista opp i risikoanalysen.

Eg er mest freista til å spørja om den gjennomførte risikoanalysen er eit bestillingsverk som er laga for å underbyggja forslaget til kommunedirektøren heller enn å kartleggja dei faktiske og drastiske konsekvensane ved ei nedlegging av legevakttenesta i Eikelandsosen.

Når me som politikarar skal ta avgjersler i saker som betyr så mykje for så mange, må me ha eit godt og riktig grunnlag for å kunna fatta ei avgjerd. I saka om nedlegging av legevakt i Eikelandsosen er dette etter mitt syn langt ifrå tilfellet.

Portrett av Olav Lønheim Tveitnes

Olav Tveitnes
Særs bekymra bebuar i Bjørnafjorden
2. vara for Venstre i kommunestyret