Kampen mot Rådhuskyrkja over – Klepp Venstre takker for støtten

Med mandagens kommunestyremøte (18.12) blei den siste spikeren i kista satt for oss som ønsker eit Klepp sentrum uten rådhus og kyrkje vegg i vegg. Handlings-og-økonomiplanen for 2024-2027 blei vedtatt med kyrkje-og-kommunehus-prosjektet finansiert, med FrP, Høgre og KrF i spissen.

I vårt alternative budsjett, valgte me å prioritere tilbod til barn og unge, psykisk helse, gode sosialtiltak, og natur foran kyrkje-og-kommunehus. Difor la me inn ekstra midler til aktivitetsparken i Klepp sentrum, penger til frivillige vernetiltak for vassdrag og vipe, midler til frivilighet og ein ekstra stilling innenfor psykisk helse, i tillegg til ENØK-støtte til idrettslag og til kommunale leiligheter. Me valgte å prioritere dette foran å bygge kyrkje og kommunehus, og hadde ikkje med penger til dette i vårt budsjett.

Forslaget vårt fekk støtte av INP og to representanter frå FrP, men falt.

Dermed er den siste spikeren i kista satt for å forhindre bygging av Rådhuskyrkja. Dette var vår viktigaste sak i valget, og det var den viktigaste forhandligsposten etter valgresultatet. Me stilte også ein interpellasjon tidlegare i haust, der me var svært kritiske til at budsjettet til prosjektet har auka med 120 millioner kroner bare på eit år, før eit einaste spadetak var tatt. FrP, Høgre og KrF var i behandlinga av interpellasjonen ikkje interesserte i å senke kostnadane, og stemte ned forslaget vårt.

Me i Klepp Venstre vil takke for støtta me fekk i valet. Me vil fortsette å jobbe for at Klepp skal vere ein god kommune å bu i, jobbe for tilbod til barn og unge og få bygga aktivitetsparken med ishallen. Me skal vere eit parti som heier på gründere og frivilligheita, og som står på for Kleppskulen og at alle skal få gode helsetilbod i Klepp.

Sist men ikkje minst, vil me gjerne ønskje alle ei god jul og eit godt nyttår!