Møte på Stortinget om formuesskatt på arbeidande kapital

Hilde Midthjell (suksessrik forretningskvinne, tidlegare eigar av Dale of Norway), Terje Bøe (Spilka AS), Are Folkestad (Ørsta Venstre), Ingvild Wetrhus Thorsvik (Venstre) Lars Oscar Fossen Øvstegård (Øvstegård AS), Alfred Bjørlo (næringspolitisk talsperson, Venstre), Geir Høydalsvik (Reknehuset), Annika Brandal (Hareid/Møre og Romsdal Venstre) og Robert Vidhammer (Venstre). Venstreleiar Guri Melby var også med på møtet, men ikkje til stades på bildet. , Foto: Paal Kvassheim

Sist torsdag fekk næringsdrivande frå Ørsta og Sunnmøre møte partileiinga i Venstre på Stortinget. Tema for møtet var formuesskatt på arbeidande kapital og dei utfordringane denne ordninga medfører.

Lars Oscar Fossen Øvstegård, Geir Høydalsvik og Terje Bøe representerer ulike bedrifter i Ørsta og Ålesund, og jobbar no med å førebu rettssak mot Staten for å drive ein skattepolitikk som dei meiner er i strid med lovverket. Hovudbodskapen deira var at formuesskatten på arbeidande kapital er urettferdig og diskriminerande for norske eigarar og må fjernast.

Stortingsgruppa til Venstre var representert ved partileiar Guri Melby i tillegg Ingvild Wetrhus Torsvik og Alfred Bjørlo. Sistnemnde er næringspolitisk talsmann for Venstre og medlem i næringskomiteen på Stortinget.

Terje Bøe presenterte utfordringane som Spilka Industri AS står overfor. Bedrifta hans har dei siste åra investert stort i langsiktige og berekraftige produkt og løysingar. Han peika på at gode vilkår for næringslivet er avgjerande for det grøne skiftet og for at Norge skal kunne nå sine klima- og berekraftmål. -Men formuesskatten på arbeidande kapital reduserer den eigenkapitalen som bedriftene er avhengige av for å skaffe finansiering til dei nødvendige investeringane, påpeika han.

Øvstegård var opptatt av at dette ikkje berre er ein debatt om milliardærane. – Den store skogen av næringsdrivande består av små og mellomstore bedrifter som no står overfor store utfordringar. Det er utrulig at vi må ha denne debatten om formuesskatt på arbeidande kapital. Dette er pengane vi treng for å utvikle oss vidare, skape arbeidsplassar og skatteinntekter. Det er sjokkerande at ein velger å innføre ei ordning som gjer at norske eigarar blir straffa, mens utanlandske eigarar slepp unna. Dette er vanskelig å forstår når ein har andre måtar å få inn same inntening på, til dømes ved å auke selskapsskatten.

Alfred Bjørlo sa seg heilt samd i dette. – Situasjonen blir verre og verre månad for månad. Vi ser stadig fleire med kapital flyttar ut av landet. Norske bedrifter blir solgt til utenlandske eigarar. Dette er uholdbart og må vekk. Formuesskatten har rett og slett blitt ei symbolsak for delar av venstresida i norsk politikk. Dei har ei tru på at ved å jage bedriftseigarar med kapital ut av landet, vil dette føre til at dei nederst ved bordet får meir å rutte med. Dette er ein heilt absurd tankegang i mitt hovud og vi må halde fram med å jobbe for denne saka.

Etter møtet var Øvstegård og dei andre i reisefølgjet svært fornøgd med møtet og glade for å få gehør for sin bodskap.

Med på møtet var også Are Folkestad frå Ørsta Venstre. Saman med Annika Brandal frå Hareid og Møre og Romsdal Venstre tok han initiativ til dette møtet.

– Ei viktig sak for Ørsta Venstre er å tilrettelegge for at næringslivet i Ørsta kommune har best mulig vilkår, seier Folkestad.

Som lokalpolitikarar kan vi ikkje berre bry oss om dei sakene som vi har mynde til å vedta lokalt. Vi har også eit ansvar for å hjelpe næringsdrivande i kommunen vår til å målbere si sak til stortingspolitikarane når det er behov for det. Så eg er veldig glad for at vi fekk i stand dette møtet og at politikarane våre på Stortinget er så tydelege og samstemte med den bodskapen som Lars Oscar og dei andre formidla.