Fråsegn om ordning med hovudmål i vidaregåande skule

Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

I dagens fylkesutval i Vestland fylkeskommune vart denne fråsegna om hovudmål i vidaregåande skule vedteken tverrpolitisk etter initiativ frå Venstres Åsta Årøen.

Fråsegn om ordning med hovudmål i vidaregåande skule.

I ny opplæringslov ligg det ny § 15-2, i første avsnitt, ein regel om at fylkeskommune skal fastsetje i forskrift kva som skal vere hovudmålet i fylket, i dei vidaregåande skulane.

Hovudmålet skal nyttast i skrifteleg undervisning og i kommunikasjon mellom tilsette og føresette. Lovendringa rører ikkje ved eleven sin rett til å sjølv velje hovudmål. Det er truleg at lovregelen i ny opplæringslov § 15-2 har henta inspirasjon frå reguleringa av skriftspråk i kommunane, der det også blir fastsett kva som er hovudmål. Men tilsette lærarar i fylkeskommunen har tidlegare hatt fridommen til å nytte den målforma dei vil, enten det var bokmål eller nynorsk.

Noregs mållag spelte inn i sitt høyringsinnspel til ny lov, at lærarane framleis burde ha denne fridommen til å sjølv velje kva undervisningsspråk dei ville nytte. Metodefridom er eit argument her, men også omfanget av bruk av nynorsk generelt, er eit vektig argument. I praksis vil endringa medføre mindre bruk av nynorsk på ein naturleg måte, for den store gruppa elevar som ikkje har nynorsk som hovudmål. For å bli trygge på nynorsk som sidemål, er det viktig å auke eksponeringa for nynorsk som elevar i vidaregåande skule får. Nettopp det å erfare eit språk i praksis, er viktig for å forstå og kunne bruke det på ein god måte.

Nynorsk er noko alle elevar i utgangspunktet skal lære, anten det som hovudmål eller sidemål. Eit anna svært viktig poeng er at det ikkje er utgreia korleis den nye lovregelen vil slå ut for nynorsk. Nynorsk er eit nasjonalt språk, men også eit språk som er under sterkt press. Svært mange elevar skiftar frå nynorsk til bokmål ved for eksempel overgangen til vidaregåande skule, samt seinare i utdanningsløpet. Mange opplever det og som krevjande å nytt nynorsk i arbeidslivet.

Å skape trygge tilhøve for nynorsk som skriftspråk er eit nasjonalt mål. Vestland fylkesting trur den nye lovregelen er eit tilbakesteg for nynorsk, i praksis, nasjonalt sett.

Vestland fylkesting sitt fylkesutval vil be styresmaktene utsetje ikraftsetjinga av påbodet om at fylkeskommunen skal fastsetje eit hovudmål for den vidaregåande skulen. Konsekvensane for nynorsk som nasjonalt språk bør ein ta seg tid til å utgreie før ein set denne lovregelen i kraft. Sjå gjerne https://lovdata.no/lov/2023-06-09-30/§15-2

 

Fråsegn blir forslått oversendt til Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, Stortingets komite for utdanning og forskning og dei ulike partia som er representert på Stortinget.