Ulstein Venstre på fylkesårsmøte 2.-3. mars 2024

Berit Lyngstad var einaste delegat frå Ulstein Venstre på fylkesårsmøtet i Ørsta 2.-3. mars. Helga var prega av gode politiske debattar, feiring av Venstre 140 år, og sist men ikkje minst: Annika Brandal frå Hareid vart vald som ny fylkesleiar.

Annika Brandal har vore ei drivkraft i lokallagsarbeidet på heile søre sunnmøre i mange år. Vi i Ulstein Venstre ønskjer lykke til i det viktige arbeidet fram mot stortingsvalet i 2025.

Appell for Gaza
Fylkesårsmøte vedtok laurdag appellen “Stopp brota på folkeretten mot folket i Gaza”. Saman med resten av det norske folk er vi djupt bekymra over det som skjer på Gaza, og oppleve ei makteslause.

Du kan lese heile appellen her: https://www.venstre.no/artikkel/2024/03/02/stopp-brota-pa-folkeretten-mot-folket-i-gaza/

Psykisk helse blant barn og unge
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo opna den politiske debatten. Berit Lyngstad på talarstolen for å fremje temaet psykisk helse blant barn og unge. Venstre satt i regjering då “Opptrappingsplan for barn og unges psykisk helse” kom, og det er viktig å følgje opp denne saka. I oktober kom nasjonal rettleiar på området, og det er store forventningar til at kommunane skal legge til rette for førebyggande og behandlande tiltak.