Ny leiartrio i Vestland Venstre

Torstein Tvinnereim vart denne helga valt som ny fylkesleiar i Vestland Venstre, han tar over etter Åsta Årøen som, etter seks år, ikkje ville ta attval som fylkesleiar.

Tvinnereim har tidlegare vore varaordførar i Stryn og gjorde i fjor Stryn Venstre sitt beste val sidan 1963. Han vaks opp i ei bygd med 180 innbyggarar, no skal han leie Vestland Venstre, som SP kallar sentraliseringspartiet.

  • Torstein har brei politisk og organisatorisk erfaring. Han sit i Venstre sitt landsstyre, er inne i sin 7. periode i Stryn kommunestyre, der to periodar var som varaordførar. Han er eit organisasjonsmenneske som har mykje erfaring med å drive styrearbeid og er motivert for å jobbe. Torstein har store ambisjonar for Vestland Venstre, og ønskjer synleggjere politikk som er viktig for fylket og har mange idear om korleis ein kan jobbe for større medlemsvekst, seier leiar av valnemnda Agnes Hoshovde Bernes

Med seg i leiinga får Tvinnereim Ingrid Nergaard Fjeldstad frå Bergen, og Jens Håkon Slettemark Birkeland frå Voss.

Ingrid Nergaard Fjeldstad var fram til september i fjor byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, og sitt no i bystyret. Ingrid har tidlegare vore leiar for valkampen i Stortingsvalet i 2021.

  • Ingrid er motivert til å gjere ein innsats for at Vestland Venstre skal levere eit godt resultat i Stortingsvalet 2025, og er tydleg på at det er viktig å komme i gong tidleg. Ingrid er god til å sette seg kjapt inn i sakar og være synleg i media, seier Bernes

 

Som 2. nestleiar vart Jens Håkon Slettemark Birkeland frå Voss valt. Birkeland har tidlegare erfaring som leiar av Voss Venstre, nestleiar og valkampsjef for Noregs Unge Venstre, og er medlem av Venstre sitt landsstyre gjennom sitt verv som leiar av Noregs Liberale Stundentforbund.

  • Jens Håkon er motivert for å gjere ein innsats for fylkeslaget, og har gode tankar om korleis ein betre kan følge opp lokallag og sikre aktivitet i heile fylket, seier leiar av valnemda Agnes Hoshovde Bernes

 

Venstre-leiar Guri Melby gratulerar ny leiartrio i Vestland venstre.

  • Eg er glad for at det er vedtatt så mykje grønn, god venstrepolitikk på fylkesårsmøte, som skal ta Vestland framover til stortingsvalet i 2025. Den nyvalte leiartrioen dannar eit godt lag for dette arbeidet, og eg ønsker dei lukke til.

 

Ny politikk

På fylkesårsmøtet blei det vedteken 5 fråsegn

  • Det grøne skiftet krev handling frå regjeringa, ikkje ansvarsfråskrivning
  • Formuesskatten
  • Israels overgrep mot Palestina må stanses nå!
  • Venstre ønsker ein plan for utflytting av 5000 statlege arbeidsplasser frå Oslo
  • Rus og psykiatri

Kontaktinfo til ny leiartrio om det er ønskelig med kommentarer:

Leiar Torstein Tvinnerheim: 91 71 34 22

Nestleiar Ingrid Nergaard Fjeldstad: 930 90 492

Nestleiar Jens Håkon Birkeland: 970 42 353