Anders Svor Museum må få statleg løyving!

Anders Svor sine skulpturarbeid er ein nasjonalskatt av høg kunstnarleg verdi, og Volda Venstre meiner difor at staten bør ta sin del av ansvaret ved at museet i Hornindal vert ein fast post på statsbudsjettet.

Dette skriv lokallaget i ein årsmøteresolusjon. I år er det 160 år sidan Anders Svor vart fødd. Han vart ein stor kunstnar. Og då han døydde, vart verka hans frakta til heimgarden i Hornindal. Bygdefolket tykte det var leit at kunsten ikkje skulle vere tilgjengeleg for ålmenta, og dei starta difor arbeidet med å reise eit eige museum. Det stod ferdig i 1953, og alle skulpturane vart flytta til museet på dugnad.

Folket i Hornindal har vore og er svært stolte av å kunne vise fram Anders Svor sitt livsverk. Det var med stort vemod vi fekk vite at museet må stengast på grunn av økonomi. Då Viti tok over museet, følgde det ikkje pengar med etter endringa av fylkesgrensene. Ein skal ikkje vente at Viti skal klare å ta vare på ei slik kunstsamling innanfor eksisterande råmer.

Skulpturane må takast i vare av kyndige fagfolk. Det kostar å tilsetje konservator, men skal vi kunne ta vare på kunsten på ein forsvarleg måte, må det til.