Nominasjonsprosessen i Hordaland

Foto: Flickr.com / KRD (CC BY-NC 2.0)

Nominasjonsnemnda for Hordaland valkrins har ansvar for arbeidet med å samle inn innspel frå medlemar, intervjue kandidatar og innstille på kva kandidatar som skal representere Hordaland på Stortinget i neste periode. Det er likevel nominasjonsmøtet hausten 2024 som avgjer korleis vallista til stortingsvalet i 2025 skal sjå ut.

Kandidatskjema: Still til val her

Send inn dine forslag her (bruk «kandidatskjema» over om du ønsker å melde frå om ditt eige kandidatur)

På denne sida finn du nominasjonsnemnda sin framdriftsplan, kven som sit i nemnda, og korleis du kan sende inn innspel.

 

Venstres nominasjonsnemnd for Hordaland valkrins blei vald på årsmøtet til Vestland Venstre og består av:

Leiar: Ole Martini

Medlem: Per Magne Wilhelmsen

Medlem: Alf Helge Greaker

Medlem: Kjersti Ingolvsdotter Vevatne

Medlem: Grete Line Simonsen

  1. vara – Oddrun Vevatne
  2. vara – Håkon Gjerde

I tillegg møter Venstrekvinnelaget, Unge Venstre og Liberale Studenter med kvar sin representant.

Nemnda sin leiar kan bli kontakta på e-post [email protected]. (Obs! Innspel på moglege kandidatar blir berre mottatt og handsama ved bruk av skjemaet over.)

 

Nominasjonsnemnda sin framdriftsplan:

29. mai:
– Frist for å ha meldt om kandidatur dersom ein ønsker å delta i prøvenominasjonar.

– Frist for representant og vararepresentantar til å melde frå om dei ønsker attval.

31. mai:
– Førebels liste over føreslegne kandidatar blir publisert på nettsidene. Denne brukar lokallag og sideorganisasjonar i prøvenominasjonane.

– Frist for å sende inn videopresentasjon av seg sjølv (topp 10-kandidatar). Kandidatar som stiller til topp 10 vil få meir informasjon tilsendt når fristen nærmar seg.

Innan 2. juni: – Videopresentasjonar av topp 10-kandidatar blir publisert på nettsidene.

Veke 23 og 24: – Lokallag og sideorganisasjonar held prøvenominasjonar. Eigen e-post om prøvenominasjonar blir sendt til lokallagsleiarar og leiarar for sideorganisasjonane.

20. juni: – Frist for å sende inn resultat frå prøvenominasjonar til nominasjonsnemnda.

21. juni: – Resultat frå prøvenominasjonar blir publisert på nettsidene.

Veke 25: – Første intervjurunde med kandidatar.

30. juni: – Siste frist for å melde frå om sitt kandidatur eller foreslå kandidatar.

1. juli: – Endeleg liste over alle føreslegne kandidatar blir publisert på nettsidene.

10. august: – Styret i Vestland Venstre sender ut innkalling til nominasjonsmøte for Hordaland valkrins.

Veke 32 og 33: – Intervjurundar med kandidatar.

Seinast 24. august: – Nominasjonsnemnda publiserer si innstilling til valliste for Hordaland valkrins til stortingsvalet i 2025.

7.-8. september: – Nominasjonsmøte for Hordaland valkrins.